Fryktar forsvunne asylbarn er utsette for menneskehandel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar for forsvunne born

– Vi fryktar at nokre av barna som forsvinn, blir utsette for menneskehandel, seier leiar Andrea Sjøvoll i PRESS-Redd Barna Ungdom til Dagbladet.

I ein upublisert rapport frå organisasjonen skriv dei at det ikkje er tvil om at enkelte av desse tilfella dreiar seg om menneskehandel.

– Mange av dei er moglege offer for menneskehandel, notidas slaver. Det er trist å sjå at barn blir brukt av organiserte kriminelle i Noreg utan at det offentlege klarer å beskytte dei, seier seksjonssjef Børge Njå ved oppvekstseksjonen i bydel St. Hanshaugen i Oslo.

Han seier at ein ser ein tendens til auke i talet på mistenkte offer for menneskehandel i Oslo.

QUIZ: Kva veit du om innvandring til Noreg?

I Justisdepartementet er dei kjende med problemstillinga.

– Vi er kjende med at barn forsvinn frå mottak. Tala har over tid vore for høge. Eit barn som forsvinn og ikkje kan gjerast greie for, er eitt for mykje. Men desse tala er ikkje alltid lett å lese, det inngår nok personar som gir seg ut for å vere mindreårige og som seinare viser seg ikkje å vere det, seier statssekretær Pål Lønseth. (©NPK)