Norske forskarar meiner det er ein samanheng mellom språkferdigheiter og overvekt hos innvandrarar.

NPK-NTB
NPK-NTB

I ein studie som skal publiserast i januar meiner norske forskarar å sjå ein samanheng mellom dårlege språkkunnskapar og høgare kroppsmasseindeks, skriv Forskning.no.

Rapporten omfattar innvandrarar frå Iran, Pakistan, Sri Lanka, Vietnam og Tyrkia.

Forskarane har slått saman data frå to helseundersøkingar på 2000-talet og bede innvandrarar frå dei ulike landa karakterisere norsken sin frå «dårleg» til «veldig bra».

– Kor godt dei snakkar norsk spelar ei vesentleg rolle for vektutviklinga. Funnet er temmeleg robust, sjølv om det ikkje er grunnlag for sterke årsakskonklusjonar, seier Tore Iversen, professor ved helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Samanhengen mellom språk og fedme gjeld særleg kvinner frå Tyrkia og Pakistan. Ifølgje rapporten kan ei gjennomsnittleg høg pakistansk kvinne redusere vekta med 2 kilo kvar gong ho hevar norsken sin til eit nytt ferdigheitsnivå.

– Det er vanskeleg å gi éi forklaring. Språkkunnskapar kan vere ein indikator på tilknytinga ein har til det norske samfunnet. Samanhengen vi har sett gjeld primært for kvinner, som har ei betydeleg rolle i kulturen til desse landa når det gjeld hushaldet og matlaginga, seier Iversen.

– Dei har tradisjonelt vore mykje heime, og det er truleg ein samanheng mellom norskkunnskapar og det å kome ut av heimen, meiner professoren. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE