Kjenner seg misbrukte av statsråden

Ny GIV skulle få ned det høge fråfallet i vidaregåande, og Kristin Halvorsen fastslo at dei svakaste elevane gjer det betre. Forskarane peiker likevel på at dei fleste elevane fekk dårlegare karakterar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjenner seg misbrukte

Prestisjeprosjektet starta opp i 2010 og skal gå ut neste år. Alle kommunar skal vere med og tilby mellom anna intensivopplæring til dei elevane som har dei dårlegaste karakterane.

Då tre rapportar om prosjektet vart lagt fram førre fredag, slo Kunnskapsdepartementet fast at Ny GIV løfter dei svakaste elevane mest. Intensivopplæringa er ein suksess og fungerer slik det var meint, vart det fastslått.

Men forskarane hjå Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) meiner at det inntrykket som vert skapa er gale, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Ny giv for dei svakaste elevane

Dei peiker mellom anna på at fleirtalet av elevane i prosjektet har ei svakare karakterutvikling enn dei som ikkje deltek. Det er berre elevane med karakteren 1 som har betre karakterutvikling frå jul til sommaren. Desse elevane utgjer berre rundt 10 prosent av elevane som deltek. Og denne positive utviklinga ser ein berre i norsk hovudmål. I matematikk har ho forsvunne heilt.

– Pressemeldinga gir eit skeiv bilete, fordi ho lett kan oppfattast som at Ny GIV gir betre karakterutvikling for alle deltakarane, seier forskar Solveig Holen.

Les også: – Elevane må glede seg til skuledagen

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier ho er overraska over kritikken og seier at ho ikkje forstår han.

– Målgruppa for Ny GIV er dei svakaste elevane. Difor var det eit hovudpoeng i oppsummeringa vår at desse hadde betra dei faglege resultata sine. I tillegg meldte det store fleirtalet av elevane i prosjektet om auka motivasjon og lærelyst. Det er viktige og gode resultat, seier Halvorsen. (©NPK)