Lovar breitt svar om norskfaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det har så langt vore mest diskusjon kring endringane av vurderingsordningane.

– Noregs Mållag er glad for at SV og kunnskapsminister Kristin Halvorsen no seier at dei ikkje kan godta eit alternativ utan eigen karakter i sidemål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Høyringsframlegget er òg eit gjennomslag for tidleg start for sidemålsopplæring, noko Noregs Mållag har arbeidd for i ei årrekkje. 

Noregs Mållag vil ha eit best mogleg norskfag, med ei best mogleg vurderingsordning. Det er avgjerande at revisjonen og vurderingsordningane ikkje fører til statustap for nynorsken. 

– For Noregs Mållag er det viktig at revisjonen ikkje går på tvers av vedteken språkpolitikk og at resultatet ikkje vert eit norskfag som svekkjer jamstillingsprinsippet, seier Håvard B. Øvregård. 

Saka er no på høyring med høyringsfrist 5. mars. Noregs Mållag vil kome med eit breitt høyringssvar.