Vil gjere EØS til valkampsak
Regjeringspartia Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil gjere EØS til valkampsak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Samstundes gjer storebror Arbeidarpartiet det klart at det ikkje blir ny raudgrøn regjering utan forankring i EØS-avtalen.
EØS må bli tema i valkampen neste år, skriv Sp-leiar Liv Signe Navarsete i ein kronikk i Nationen.
– Det er viktig å avmystifisere EØS-avtalen. Han er ikkje avgjerande for å ha økonomisk og politisk samarbeid med EU. Sp ønskjer ein open og fordomsfri debatt om EØS-avtalen, skriv ho i kronikken.
LES OGSÅ: Gir opp kampen for EU-ja
EØS-avtalen er dårleg både for EU-tilhengarar og EU-motstandarar, meiner Sp-leiaren. Ho ser for seg tre moglegheiter:
– Inn i EU, endre EØS-avtalen, eller ut av EØS. Det første kan vi sjå vekk frå, men vi treng ein debatt om dei to andre. På kort sikt er det ikkje fleirtal i Noreg for å seie opp EØS-avtalen, men kan vi få fleirtal for å endre han og bli kvitt det som provoserer mest, spør Navarsete.
Også i SV står EØS på programmet.
– Ståstadene til partia er kjent for alle. Viss det viser seg at EØS-avtalen tvingar oss til å gjere ting vi ikkje vil, for eksempel å svekkje arbeidsmiljølova, må vi sette ned foten, seier nestleiar Karin Andersen (SV) i Stortingets arbeids- og sosialkomité.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) har vore klar på at det er uaktuelt for Arbeidarpartiet å regjere utan forankring i EØS-avtalen. Det stadfestar partisekretæren i Ap, Raymond Johansen.
QUIZ: Kva veit du om EU?
– Vi har vore tydelege fordi avtalen er viktig for Noreg. Han sikrar norsk næringsliv tilgjenge til marknaden på like vilkår i Europa, seier Johansen.
Han meiner det er uproblematisk at det er ulike syn på EØS blant regjeringspartia og viser til Soria Moria-erklæringa, som er plattforma til regjeringa. Der heiter det at samarbeidet til den raudgrøne regjeringa byggjer på EØS-avtalen. (©NPK)