Barneskrømt i Amazonas

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Ida Elise Magnussen gjorde feltarbeid i Amazonas vart ho brukt som skremsel for å oppdra born.

Urfolk sine rettar i Peru
Då Ida skulle skrive masteroppgåve i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen, reiste ho til regnskogen i Peru. Interessa for Latin-Amerika byrja først å vekse då ho tok spansk på vidaregåande. Eitt av bacheloråra utveksla ho til Peru.

– Det året rauk politi og urfolksgrupper saman i ei valdeleg konflikt, der fleire omkom, seier 25-åringen frå Sarpsborg.

Samanstøyten i 2009 botna i grunneigarkonfliktar. Nye lovar som påverka urfolk sine rettar til jord hadde blitt vedtekne.

– Før selskap eller andre kan få tilgang til land i urfolk sine område, skal myndigheitene konsultere urfolket og ein gjeven prosentdel må samtykkje i å sleppe selskapa til. Denne delen vart senka i dei nye lovene, fortel Ida.

Dermed gjorde myndigheitene det enklare for utanforståande å ta over land i det peruanske Amazonas.

Minska tilgang på land
Den valdelege konflikten fann stad i byen Bagua, der Ida eigentleg skulle gjere feltarbeid. Etter frårådingar frå rettleiar og vener i Peru enda ho opp ein heilt annan stad.

LES OGSÅ:Ein liten smak av Afrika

Landsbyen Santa Martha ligg i regnskogen, sju timar frå næraste tettstad.

– Mange stader i Peru, påverkar til dømes oljeselskap eller andre som er engasjert i regnskogen urfolka sin tilgang på jord. I Santa Martha er det førebels ingen oljeselskap, men mange nybyggarar, eller peruanske migrantar, har slege seg ned der. Deira kvegdrift og jordbruk kjem i konflikt med urfolka sin bruk av landet, og minskar tilgangen på jord, fortel Ida.

I Ley de Communidades Nativas (lov om urfolk sine rettar) og internasjonale konvensjonar, som ILO-konvensjonen 169, er urfolket sikra særskilte rettar.

– Peru har hatt nokre presidentar som har vore meir opptekne av økonomisk vekst enn av at urfolk skal få halde på sitt territorium. I tillegg avviker den peruanske grunnlova noko frå lovene som sikrar urfolket sine rettar, og ifølgje juridiske prinsipp har grunnlova førerang over desse lovene, seier Ida.

I Santa Martha ville ho mellom anna finne ut korleis situasjonen var mellom urfolket og nybyggarane.

– Urfolket i landsbyen har eit dokument som slår fast at dei har rettane til området. Ifølgje dette dokumentet har ikkje nybyggarane eigentleg lov til å vere der. Borgarmeistaren i distriktet er sjølv migrant og hadde kvegdrift og andre interesser i området. Det var veldig klart kven si side han stod på, seier Ida, i eit forsøk på å oppsummere fem månaders arbeid i eit par setningar.

– Nybyggarane har sjølvsagt eit anna syn på saka, og meiner at dei har lov til å vere der.

Med masteroppgåva håpar Ida å medverke til at fleire blir medvitne på korleis situasjonen er for urfolk i Amazonas.

Fiske, jakt og solcellepanel
Hovudmetoden for antropologar er deltakande observasjon. Målet er å forsøke å gløyme sin eigen bakgrunn og forstå røynda der ein er, på informantane sine premissar.

– Det er nok ikkje mogleg å gløyme sin eigen bakgrunn heilt, men det går an å forsøke å distansere seg frå den, meiner Ida.

I Santa Martha budde ho saman med ein familie. Mor, far, to søner, ei svigerdotter og eit barnebarn delte husrom.

– Det kunne jo vere intenst. Vi var mange, og vi sov alle på same rom.

LES OGSÅ:I norsk teneste

Ved å vere med på alle slags daglege gjeremål, frå å lage mat og å jobbe med jordbruk og fiske, til å vere med på landsbymøter, utforska Ida spørsmåla ho satt med. I laupet av tida i regnskogen lærte ho mellom anna eit utal måtar å bruke banan i måltid på og ein original fisketeknikk, der ein bedøver fisken ved å hive ei spesiell plante i elva.

– Vi stod midt i elva og plukka fisk med hendene, fortel ho.

Den viktigast erfaringa var likevel å få nokre nye perspektiv, meiner antropologen.

– Å få delta i nokon andre si verkelegheit var utruleg lærerikt, seier ho.

(artikkelen held fram under bildet)

KONFLIKT: Store mengder tre er hogd ned, for å gjere plass til beiteområde for kvega til ein av nybyggarane i Santa Martha. Foto: Privat.

Barneskrømt
Heilt knirkefritt gjekk feltarbeidet likevel ikkje. Å gli umerkeleg inn i Santa Martha viste seg å vere ei nær umogleg oppgåve.

– I byrjinga tok det tid å få tilliten til innbyggjarane. Dei visste ikkje kven eg var eller kvifor ein vilt framand person var komen dit. Eg forsøkte å vere open om kva eg dreiv med, og gjennom vertsfamilien, som tok meg veldig godt imot, vart det meir greitt at eg var der. Landsbyen har dessutan hatt besøk av ein antropolog ein gong på 80-talet, som dei snakka mykje om. Han var tilsynelatande ein populær mann, og eg vart stadig samanlikna med han, på godt og vondt, ler Ida.

Før ho reiste hadde ho rekna med å lettare kunne komme i kontakt med kvinnene.

– Det overraska meg at ikkje det stemte. Det var faktisk lettare å kome i kontakt med mennene, mellom anna fordi kvinnene ofte seg i mellom snakka den lokale dialekta, medan mennene ofte snakka spansk.

Etter kvart gjekk det seg til, både med kvinner og menn. Borna var derimot skeptiske.

– Eg vart fortalt om ein episode der ein liten gut hadde sprunge grinande av garde i motsatt retning då eg kom. Då han vart spurd kvifor han var så redd, peika han på meg. Han hadde aldri sett ein kvit, blond person.

Det synest dei vaksne i landsbyen var både morosamt og nyttig.

– Om du ikkje et opp maten din kjem Ida og tek deg, vart ein populær oppdragelsesteknikk i landsbyen, ifølgje 25-åringen.

Men borna si frykt var ikkje heilt ugrunna.

– Det er ei myte i området om såkalla pishtacos, som særleg tek born, for å selje feittet deira. Faktisk var det eit tilfelle i 2009, ikkje så langt frå Santa Martha, der dei meinte at nokon hadde drepe menneske for å selje feittet til kosmetikkindustrien, fortel Ida.

Fordommar mot urfolk
Sjølv var ikkje Ida noko særleg engsteleg for å leggje i veg inn i regnskogen.

– Vener og kjende i Peru lurte på kvifor eg skulle reise åleine og kvifor eg skulle vere der så lenge. Mange har framleis ein del oppfatningar om urfolket som ikkje stemmer overeins med røynda. Mange meiner at urfolket er usiviliserte til dømes, og somme er faktisk litt redde dei. Men gamle myter om kannibalisme og liknande er nok på veg ut, meiner ho.

LES OGSÅ: I belgisk asyl

Antropologen kjende seg trygg, så lenge ho var saman med informantane sine.

– Men det hendte eg var litt engstelig for å møte på slangar når eg måtte ut på do om natta, innrømmer ho.

Santa Martha har kring fem hundre innbyggjarar. Jordbruk, dyrking av bananer, ris, bønner og andre grønsaker, fiske, jakt og sal av tømmer er blant dei viktigaste økonomiske aktivitetane. I tillegg har landsbyen ein skule, ein helsestasjon, og éin telefon, som er drive med solcellepanel.

– Telefonen fungerte nokre timar i døgnet. Eg kom i slutten av regnsesongen. Då var det lite sol, og like lite telefon, fortel Ida.

Håp om sterkare rettar
I Santa Martha fekk Ida innblikk i korleis urfolket vart påverka av grunneigarkonfliktane. Kombinasjonen av mindre tilgang på jord og meir menneskeleg aktivitet, som skremde byttedyr lengre av garde, gjorde kvardagen vanskelegare for informantane.

– Myndigheitene i Peru burde i det minste respektere det lovverket som finst for å forsvare rettane til urfolket. President Ollanta Humala, som vart vald i 2011, har ratifisert lovene som styrker urfolk sin rett til å bli konsultert. Om det vil endre noko, gjenstår å sjå, meiner Ida.

Les meir om studiar og jobb i utlandet her!

VERTSFAMILIE: I Santa Martha budde Ida i dette huset saman med vertsfamilien sin. – Det kunne vere intenst. Vi budde alle på same rom, fortel ho. Foto: Privat