Ein smak av Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er dei ikkje åleine om. Sør-Afrika ligg på ein sjuandeplass på Lånekassa si liste over landa flest norske studentar og elevar reiser på utveksling til, berre slått av USA, Storbritannia, Australia, Tanzania, Frankrike og Tyskland.

– Eg hadde eigentleg tenkt å reise ein annan stad, men blei overtalt av ei venninne same dagen som søknadsfristen gjekk ut. Ho hadde studert i Cape Town og elska det, fortel Eli Beate Nilsen (25) frå Bergen, som tar sisteåret av jusstudiane ved University of Cape Town.

Mange til Cape Town
Vi møter Eli og venninna hennar Linnea Fagernæs (21) frå Oslo på ein kafé i bydelen Observatory, som ligg nær universitetet og er populær blant studentane i byen. Gatene her er litt røffare enn i sentrum, men gøymer mange sjarmerande kafear og utestader.

– Cape Town er ein fantastisk studieby, seier Linnea.  Ho studerer til vanleg psykologi ved Universitetet i Oslo, men er eit semester på utveksling her.

Kvifor trur de at det er så mange norske studentar som kjem hit?

– Eg trudde at eg kom til å vere veldig unik, ler Eli, som raskt oppdaga at ho var langt frå den einaste norske studenten her.

Linnea ville til eit engelskspråkeleg land, og USA og Storbritannia freista ikkje. Difor blei det Sør-Afrika, fortel ho. Fleire norske studiestader, som universiteta i Oslo og Bergen, har utvekslingsavtaler med universitet i Sør-Afrika.

Linnea Fagernæs og Eli Beate Nilsen studerar begge i Cape Town. Her i studentbydelen Observatory.

Eit land med store forskjellar
Stian Amadeus Antonsen (28) frå Sandnes studerer utvikling på Høgskolen i Oslo og er på eit års utveksling til Sør-Afrika med eit semester i Cape Town og eit i Durban.

– Sør-Afrika er ei fantastisk blanding av tradisjon og det moderne. For meg som studerar utvikling er også Sør-Afrika eit spesielt spanande land å vere i ettersom nokon her har fått det mykje betre medan fleirtalet lever på eit minimum, seier han.

LES OGSÅ: Utfordrande utveksling

Sør-Afrika er verdas nest mest ulike land, berre i Namibia er det større forskjell på fattige og rike. Arbeidsløysa er også stor, særleg blant ungdom. Stian Amadeus fortel at han kan synast det er ubehageleg å kome frå rike Noreg i eit land med så store forskjellar mellom fattig og rik og der svarte og kvite framleis i stor grad lever åtskilt.

Det kjenner også Eli og Linnea i Cape Town seg igjen i, sjølv om dei til dagleg ser lite av fattigdomen i landet.

– Vi lever nok i ei boble her i Cape Town, innrømmer dei.

Stian Amadeus (nr. 4 frå høgre) med gode studievener. Dette semesteret studerer han i Durban. Foto: privat

Kjenner seg trygge
Sør-Afrika er kjent for å ha høg kriminalitet, og Cape Town kom nyleg på 34.plass på ei liste over verdast farlegaste byar som blei publisert av ein meksikansk tenketank. Likevel kjenner jentene seg stort sett trygge. Det gjeld å vite kva for områder som er trygge og kven ein bør unngå.

– Bestefar har lest om at Cape Town er så farleg og synast det er skummelt at eg skal vere her også i jula. Men når ein er her opplevast ikkje byen som så farleg, fortel Eli.

På skulen i Durban merkar Stian Amadeus dagleg at ein må tenke meir på tryggleik her enn heime.

– Kvar dag når eg kjem til Campus må eg gå gjennom eit "bur" der eg må stemple meg inn og vise studentkortet mitt, og det er tryggleiksvakter og overvakingskamera overalt, fortel Stian Amadeus, men han understrekar at det er viktig å ikkje svartmåle.

– Dei fleste turistar og utanlandsstudentar kjem heim utan å ha opplevd vald eller ran, men på same måte som i storbyar andre stader i verda ein nøydt til å ta førehandsreglar.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Gjer det!
Både Stian Amadeus og Linnea syns at studia her krevjar meir av dei fordi det er fleire innleveringar og prøver undervegs i året. Linnea fortel at ho i snitt må levere ei oppgåve i veka. For Eli er det motsett. Ho har berre to førelesningar i veka, men seier ein likevel får tettare oppfølging fordi undervisninga skjer i små grupper.

– Her veit faktisk læraren kva du heiter, smiler Eli, som er vand med store førelesningar på Universitetet i Bergen.

Alle har dei likevel fått tid til mykje anna attmed skulen i tida dei har vore her. Frå reising rundt i landet, safariturar og dykking i sjøen utanfor Cape Town til dansing  og politisk engasjement i Joburg Pride.

Kva vil de sei til studentar heime som vurderer å reise på utveksling til Sør-Afrika?

– Gjer det! seier Eli kontant og Linnea nikkar. – Her studerer du ikkje bare ute, du er også på reise i eit veldig spanande land.

LES MEIR OM STUDIER OG JOBB I UTLANDET HER!

Linnea Fagernæs og Eli Beate Nilsen studerar begge i Cape Town. Her i studentbydelen Observatory.

Faktaboks

– Sør-Afrika har 23 universitetet. Flest norske heilgradsstudentar er det på Stellenbosch University, South African School of Motion Picture and Live Performance og Cape town University.
– 63 norske studentar tar ei heil grad i Sør-Afrika (mai 2012), 270 er på utveksling.
– Skuleåret i Sør-Afrika byrjar i februar og avsluttast i november.  Søknadsfristen er som regel i september/oktober for skulestart i februar.
– Meir informasjon om å studere i Sør-Afrika finn du på ANSA Sør-Afrika si heimeside .

Kjelde: ANSA