Ønskjer full trøkk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forsømt i mange år

Det meiner aurlandsordførar Noralv Distad. Han sluttar seg til det massive kravet som er i ferd med å byggja seg opp i nabofylket om å investera i jarnbanelinja mellom dei to største byane i landet, Oslo og Bergen.

– Bergensbana har vore forsømt i mange år, seier Distad.

20 år
Han peikar på at det er 20 år sidan det vart vedteke at ein skulle byggja Ringerikstunnelen, ei investering som åleine vil korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med rundt ein time. Får ein i tillegg gjennomslag for andre utbetringar på strekninga kan reisetida koma ned mot 4,5 timar.

– Vil ein satsa på togtrafikk mellom ei to byane, må ein gjera det med utgangspunkt i eksisterande linje. Alterna­tiva som har vore framme er så dyre at det ikkje lèt seg realisera, seier Distad.

Viktig
Han meiner ei storstilt satsing på Bergensbana er viktig for Aurland, og Sogn.

– Bergensbana og Flåmsbana er den store innfallsporten for turistane som kjem til fylket vårt, og kortare reisetid kan gjera Bergensbana meir attraktiv for yrkestrafikk. Det er uhyre viktig at Bergensbana vert «gjenoppdaga», seier Distad, og ser det som naturleg at også Sogn og Fjordane fylkeskommune engasjerer seg.

LES OGSÅ: Utset snarveg til Oslo med 20 år

Folkekrav
– Her i fylket har me vore mest opptekne av veg. No skal det investerast stort i jarnbane, og det er naturleg at fylkespolitikarane engasjerer seg i den strekninga som berører oss, seier Distad, og legg til:

– Trøkket frå Bergen er alt sterkt. Om samtlege kommunar langs bana følgjer opp vil det enda i eit folkekrav frå Vest som motkrefter i lengda ikkje vil klara å stå imot, meiner aurlandsordføraren.

LES SAKA I SOGN AVIS!