Vil ha bachelor i etterretning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha bachelor på spionskule

Det er Forsvarets skule i etterretnings- og sikkerheitsteneste (FSES) som står for utdanninga av etterretningsoffiserar i dag. No ynskjer Etterretningstenesta at skulen skal bli godkjent som høgskule.

FSES, som blant anna underviser i etterretningsteknikkar og kontraterrorteori, ynskjer at studentane skal få ein bachelorgrad i etterretning.

– Forsking styrkjer utdanninga
Eystein Kvarving, talsmann for Forsvarssjef Harald Sunde, trur ei meir akademisk tilnærming vil styrkje utdanninga på FSES.

– Faget manglar ein meir akademisk pilar å stå på. Vi er opptekne av å utvikle etterretningsfeltet som eit heilskapleg fagområde. Det er av same bakgrunn som at vi har akkrediterte krigsskular. Ein akademisk tilnærming vil gjere utdanninga betre. Forsking er naudsynt for utvikling, seier Kvarving.

LES OGSÅ: Vil utvida verneplikta med eit halvt år

Vil skape debatt
FSES ligg under etterretningstenesta, men er ikkje ein del av Noregs hemmelege tenester. Kvarving trur difor ikkje at auka openheit vil by på problem for etterretningsutdanninga.

– Etterretning er eit litt myteomspunne fagområde. Det er naturleg og forsvarleg at det er mykje som er hemmeleg. Samstundes er det ikkje alt som treng den typen skjerming. Etteretningstenesta leverer analysar og vurderingar til heile det norske statsapparatet. Så vi ynskjer òg akkreditering av demokratiske årsaker, seier Kvarving.

Han trur òg ein meir akademisk etterretningsutdanning vil bidra til å skape meir offentleg debatt, og skapt auka trusselforståing hos folkesetnaden.

LES OGSÅ: På post i Afghanistan

– Blir ikkje for teoretisk
Det blir stilt strenge krav for å kome inn på FSES. I tillegg til solide akademiske evner, må kandidatane bestå fysiske testar, grundige intervju og kunne tryggleiksklarerast. Praktisk opplæring i etterretningsteknikkar er ein sentral del av utdanninga i dag. Kvarving fryktar ikkje at skulen vil bli for akademisk dersom han blir ein høgskule.

– Den største endringa blir at det vil stillast akademiske krav til undervisinga og forskinga. Men det tyder ikkje at dei praktiske aspekta vil forsvinne. Det militærfaglege handverket vil enno liggje til grunn, seier han.

Det er Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) som avgjer om FSES skal godkjennast som høgskule. Tove Blytt Holmen, Avdelingsdirektør i NOKUTs tilsynsavdeling, stadfestar at NOKUT har motteke ein søknad frå FSES. Ho kan ikkje seie noko om der sannsynleg det er at skulen vil bli godkjent, men at NOKUT vil svare på søknaden innan februar 2013.

LES SAKA I UNIVERSITAS!