Vil utvide verneplikta med eit halvt år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil utvide verneplikta

Til gjengjeld skal soldatane sleppe repetisjonsøvingar og få betre betalt.

15 soldatar ved Garnisonen i Sør-Varanger skal i første omgang delta i eit pilotprosjekt. Blir dette vellykka, kan alle soldatar i Hæren om kort tid få forlengt førstegongsteneste, skriv Nordlys.

Mot å avtene i 18 månader skal soldaten sleppe repetisjonsøvingar. Innanfor Hæren blir det også diskutert å gje ekstra dagpengar, i tillegg til ei ekstra stor dimmegodtgjering.

LES OGSÅ: Rekordmange kvinner til Forsvaret

I dag er det ofte slik at soldaten brukar meir enn halve førstegongstenesta på å bli opplært som hundeførar, vognførar, radaroperatør eller andre krevjande funksjonar, og så har ein berre nokre få månader til å utnytte denne kunnskapen, før soldaten blir dimittert.

– Om førstegongstenesta blir forlengt med eit halvt år, tyder det at soldaten får brukt det han eller ho har lært, i tillegg til at Hæren får tilført nødvendige ressursar, seier Aleksander Hage, presse- og informasjonsoffiser i Hæren.

Han peikar på at dagens forsvar er mykje meir spesialisert enn tidlegare, og opplæring på teknisk materiell er krevjande. Samstundes er det snart berre ein av fem som blir kalla inn til førstegongsteneste, og Forsvaret ønskjer at desse skal få mest mogleg att for at dei stiller opp.

LES OGSÅ: Saman på Setermoen

– Vi ønskjer å teste ut 18 månaders teneste på hundeførarar, vognførarar, radaroperatørar og ei spesiell utrykkingsstyrke. Dette er roller som krev omfattande utdanning, seier Aleksander Hage. (©NPK)

Kva synest du om forslaget?