Forskar på lokal smak

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 21.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Smakar skinke frå Suldal betre?

Rakfisk frå Valdres, mjølkeprodukt frå Røros eller spekemat frå Suldal eller Åkrafjorden. Fleire og fleire bruker ekstra kroner på den heilt spesielle maten.

Men har det noko å seie kor maten kjem frå? Ja, meiner forskingsleiar Ragnar Eltun hos Bioforsk. I marknadsføringa får historia bak maten stor plass. No vil forskarane finne fram til korleis dei kan gjera sitt for å utvikle den lokale matproduksjonen.

– Vi ser jo heilt klart at det er bruk for dokumentasjon på kvaliteten på desse produkta. Historia rundt produktet er spanande, men det er òg viktig at ein kan vise til at det er reelle kvalitetar, seier Eltun til bioforsk.no.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

I Noreg er terroir – den karakteren som geografi, geologi, klima og produksjonsmåte kan gje til eit mat- eller drikkeprodukt – nytt og ganske uutforska.

– Men vi veit at vi kan syne til spesifikke kvalitetar på produkt frå forskjellige distrikt eller med ulike produksjonsmåtar. Det gjeld til dømes lam som har beita i fjøra – Lofotlam.

Eltun kan òg fortelja om eit prosjekt på Toten der ein ser på kvaliteten på gulrot og potet dyrka på forskjellige stader.

LES OGSÅ: Tre av ti gulrøter er for stygge

Fersk og sunn
Sifo-forskar Gunnar Vittersø fortel at forbrukarane blir meir og meir opptekne av lokalmat og spesialprodukt.

– Det er mange grunnar til det. Folk er generelt opptekne av mat, blant anna knytt opp til helse og miljø. Den typen nærleik som du får iallfall når du kjøper direkte av produsenten, opplever forbrukarane som meir sunn og meir miljøvennleg utan at den strengt tatt treng å vera det. Men lokalmat blir oppfatta som ferskare enn annan mat, seier Vittersø til bioforsk.no.

Han åtvarar mot å ta inn lokal mat i daglegvarebutikken og tru at forbrukaren framleis opplever den som like fersk og nær. Når den kjem inn i butikk, er den direkte kontakten mellom produsent og forbrukar broten.

LES OGSÅ: Dobla omsetnaden med lokal mat

– Det kan vera nyttig for produsentar å kunna dokumentere kvalitetsaspekt ved produkta, men det største fortrinnet for lokalmaten er at forbrukarane i utgangspunktet knyter så mykje positivt til den, meiner Gunnar Vittersø i Sifo.