I dag er verdas toalettdag. Det er ingen ting å halde seg for nasen av.

Øystein Espe Bae og Svein Olav Langåker
Øystein Espe Bae og Svein Olav Langåker

Toalettmangel er den oppfinninga som har redda flest liv, slår kampanjen Verdas Toalettdag fast. Kvart 20. sekund døyr eit barn av sjukdomar som kunne ha vore unngått viss berre alle hadde gode nok sanitærtilhøve.

Eit risikoliv for kvinner
Mangel på toalett på verdsbasis fører ikkje berre til dårleg helse. Kvar dag risikerer millioner av kvinner også å bli offer for overfall og valdtekt fordi dei må ut i mørke avkrokar nettopp for å gå på do.

Manglande jentedo på skular er også avgjerande for at mange jenter i tenåra heller blir heime enn å halde fram med utdanninga si.

LES OGSÅ: Bussar i Bergen skal gå på kloakk

Likevel er over 2 milliardar menneske i verda utan ein skikkeleg plass å gjere frå seg. I India åleine er det 660 millionar folk som går på do ute, inntil ein husvegg, i busker eller grøfter. Verst dotilhøve er det i Afrika i landa sør for Sahara og i det sørlige Asia, ifølgje Forskning.no.

Toalettrevolusjon
Ein som har sett seg føre å gjera noko med dosituasjonen i verda, er milliardæren Bill Gates. Mannen som starta Microsoft melde tidlegare i år at han vil starta ein toalettrevolusjon. Gjennom den allmennyttige stiftinga si, har han stilt over 230 millionar kroner til disposisjon for forsking på toalett.

Målet er finna opp toalett skal virka utan tilgang til vatn- eller kloakkrøyr eller elektrisitet, ifølgje Mashable.

LES OGSÅ: FN-målet om drikkevatn er nådd

Ikkje alle toaletta på skulane rundt om i Noreg er like innbydande, og nokre stader vegrar elevane seg for å gå på do. Difor spør Barneombodet i dag om korleis det står til på skulane rundt om i Noreg. Dei oppmodar alle elevar til å ta bilde og senda inn på Facebook eller på Instagram med hashtagane #barneombudet #dodagen #worldtoiletday.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE