Auka mobbing i Forsvaret
Ein fersk rapport frå Sintef viser at forsvarstilsette som seier dei har blitt mobba det siste halvåret, har auka frå 6,2 prosent i 2010 til 8,3 prosent i 2011.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarane har i undersøkinga teke utgangspunkt i data frå den interne helse- og miljøundersøkinga i Forsvaret, men i tillegg har dei gjort individuelle intervju og fokusgruppeintervju i to ulike garnisonar, skriv Sintef på eigen nettstad.
Rapporten viser mellom anna at det er fleire av dei sivilt tilsette som seier dei blir mobba enn dei militært tilsette. Sjølv om det er fleire menn no enn tidlegare som seier dei blir mobba, er det likevel flest kvinner som er utsette for mobbing.
Funna i rapporten viser at det er minst mobbing i Sjøforsvaret.
Forskarane meiner det er ei utfordring å lage tiltak som skal få bort mobbinga i Forsvaret, då organisasjonsstrukturen er kompleks.
– To miljø kan ha heilt ulike arbeidsoppgåver, samansetjing av personale, arbeidsforhold og lokalitet, seier Anita Øren i Sintef Teknologi og samfunn og trekkjer fram å jobbe på kontor i by og å vere fotsoldat ute i skogen som to motsetnader.
Personalsjef i Forsvaret, Tom Simonsen, seier Forsvaret har arbeidd med mobbing over lang tid og at fleire tiltak alt er sett i gang. Likevel vil dei no bruke tid på å vurdere dei tiltaka SINFEF foreslår og sjå desse i samanheng med arbeidet som alt er i gang. (©NPK)