På glid om stemmerett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag opna klokka 13 opna landsmøtet til Senterungdommen. Éi sak det er venta debatt om er stemmerett for 16-åringar.

– Eg er veldig usikker, seier Sandra Borch til Framtida.no. Sjølv stemte ho for stemmerett for 16-åringar, då sentralstyret stemte over saka, men tok ikkje ut dissens. No vil ho venta til etter diskusjonen på landsmøtet på laurdag, før ho no bestemmer seg.

Senterungdommen har vore blant dei ungdomspartia som har vore klarast mot stemmerett for 16-åringar, seier Borch, men seier at ho no ventar større oppslutnad for å utvida stemmeretten. Sist månad gjekk landsmøtet til AUF klart inn for å la 16-åringar stemma i lokalvala.

– Eg trur det blir ein kjempejamn debatt denne gongen, seier Sandra Borch.

– Er det ikkje eit tankekors at leiaren av Senterpartiet har varsla at ho no er for stemmerett for 16-åringar, medan sentralstyret i ungdomspartiet går mot å la ungdom stemma?

– Eg ser ikkje at det er noko problem. Senterungdommen gjer opp si eiga meining, slik me gjer i mange andre saker òg, seier Sandra Borch. For eigen del meiner ho at forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar er oppløftande nytt.

– Det viser at dei kommunane som tek det på alvor får høgare deltaking blant unge.

LES OGSÅ: Borch støttar Navarsete

Lovfesting av ungdomsråd
Sentralstyret går no inn for lovfesting av ungdomsråd eller kommunestyre for barn og ungdom, slik eldreråd er i alle kommunar i dag. Representantar for dette medverknadsorganet meiner dei skal ha tale- og forslagsrett i kommunestyret, meiner fleirtalet i sentralstyret i partiet.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med nettmobbing

Vil fjerne kontantstøtte og formueskatt
Senterungdommen står òg fast på å fjerna formueskatten.

– Mange små bedrifter klarer ikkje å investera på grunn av formueskatten, seier Sandra Borch.

Partileiaren trur òg det vil bli debatt om kontantstøtta. Fleirtalet i programkomiteen ønskjer å fjerna denne, men det er tatt ut dissens om spørsmålet.

– Ei vanskeleg sak, seier Borch.

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?