Borch støttar Navarsete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har tillit til Liv Signe, og eg trur ho også sit som leiar i 2013, seier Borch til NRK.

Navarsete har enno ikkje bestemt seg for om ho vil gi valkomiteen beskjed om at ho ønskjer å fortsette eller ikkje, men Sandra Borch er uansett klar på kva ho meiner partileiaren bør gjere.

– Eg støtta hennar kandidatur i går, og eg kjem også til å støtte det vidare, seier Borch.

LES OGSÅ: Navarsete veit ikkje om ho vil halda fram

Det er ikkje meir enn to dagar sidan Navarsete måtte gi ei unnskyldning utan atterhald til nettopp Borch, ein snau månad etter at Navarsete hadde skjelt ut ungdomsleiaren på eit demokratiseminar i Troms.

Same dag som dette skjedde, hadde Borch sagt til Aftenposten at nestleiar Ola Borten Moe kan bli partileiar i framtida.

Kravet om ei unnskyldning utan atterhald blei sendt til sentralstyret først nesten tre veker etter opptrinnet på Dyrøy. Mange innanfor partiet har tolka dette som at utskjellingsepisoden blei brukt politisk i kampen mellom fløyene i partiet, skreiv Aftenposten onsdag.