Færre stryk på små høgskular

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved Høgskolen i Oslo og Akershus er strykprosenten på 18,1, medan den er 4,4 ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Færrast lærarstudentar som får karakteren F, er det ved Høgskolen i Finnmark, med ein strykprosent på 1,1. Dette syner tal Dagens Næringsliv har henta inn.

For snille
– Vi mistenkjer at nokon av høgskulane med låge inntakskrav er for snille med eksamen og sensur, seier kompetansedirektør i NHO, Arne Turmo til avosa. Samstundes meiner han noko av forklaringa kan vera at dei mindre skulane er veldig gode til å tilrettelegge undervisninga.

Likevel meiner han det er tale om unormal variasjon, og meiner ein sentralt gjeve eksamen i kjernefaga i utdanninga ville vore eit kraftfullt verkemiddel for å sikre kvaliteten.

LES OGSÅ: Vil sile ut dårlege lærarar

Gjev ikkje ved dørene
Instituttleiar for lærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjorda, Kjell Bergfjord, peikar på tettare oppfylgning og stabile lærekrefter som noko av forklaringa på den låge strykprosenten.

– Vi gjev ikkje ved dørene. Det er studentar som stryk hjå oss også. Vi set heller ikkje karakterar på våre eigne studentar, vi hentar inn eksterne eksamenssensorar, seier han til avisa. 

LES OGSÅ: Saknar berre sushi og mamma