Mållaget håpar på ny rekord

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mållaget har fått veldig mange nye medlemer i år. Til no i år har heile 11.933 medlemer betalt medlemspengar for 2012. Kan me ha ein sjanse til å nå over 12.000 medlemer i år? spør Janne Nygård, nestleiar i Noregs Mållag.

Medlemstalet er medrekna det forventa medlemstalet i dei laga som betaler inn for medlemene sine samla ved årsskiftet. Alt Mållaget vervar frå no av og ut året er rett og slett plussverving.

– Dette kan bli eit rekordår. Noregs Mållag har ikkje vore over 12.000 medlemer sidan 1992. Det året var det 12.312 medlemer i Mållaget, fortel Janne Nygård.