– Mange sjukepleiarstudentar er utrygge

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange utrygge sjukepleiestudentar

Studentleiarane i Norsk sjukepleiarforbund reagerer sterkt etter at ein Nifu-rapport avdekka store skilnader mellom dei 28 bachelorutdanningene. Både opptaksgrunnlag, tal på studentar per tilsett, karakterar, strykprosent, fråfall og vurderingsformer varierte.

– Ulikt grunnlag for yrkesutøvinga

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) er vil ikkje konkludere eintydig i rapporten, men opnar opp for at dei varierande tala kan føre til konsekvensar for den faglege kvaliteten på studentane.    

– Bak desse skilnadane kan det skjule seg moglege kvalitetsskilnader og skilnader i dei krava som vert stilt til studentene, noko som kan innebere at studentane frå de ulike lærestadane kjem ut med ulikt grunnlag for yrkesutøvinga, heiter det i rapporten ”Opptakskrav, vurderingsformer og kvalitet i sykepleierutdanningen”.

– Teikner eit dramatisk bilete
Studentleiarane er uroa over konsekvensane, og meiner det rett og slett er vanskeleg å vite om dei nyutdanna sjukepleiarane held mål, fagleg sett.

– No må myndigheitene på bana, seier Kine Bentzen og Eirik Aldrin til sykepleien.no.

Dei meiner verkelegheita er enda meir grå enn Nifu-rapporten skisserer:

– Vi er ikkje overraska. Tvert om. Tilbakemeldingar frå medlemmane teiknar eit meir dramatisk bilete av sjukepleiarutdanninga enn det som kjem fram i rapporten, hevdar dei.

Vil ha obligatorisk teoriprøve
No vil dei to studentleiarane ei obligatorisk nasjonal teoriprøve for alle avgangselevane for å sjekke om dei held mål. Dette må til for å sikre det faglege nivået, meiner dei to.

– Minstekrava for å bestå sjukepleiarutdanninga er fleire stadar altfor lave. Det gjer at mange studentar er utrygge når dei skal ut i sin første jobb. Dei veit rett og slett ikkje om dei sjukpleiefagleg held mål, meiner Bentzen og Aldrin.