– Elevane må glede seg til skuledagen

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Må glede seg til skuledagen

– Yrkesfaga treng ei statusheving, det slo kunnskapsminister Kristin Halvorsen fast, då ho talte på Kunnskapsdepartementets konferanse på Lillestrøm om yrkesfaga sin status.

Parallelt med konferansen gjekk NM i yrkesfag av stabelen vegg i vegg, med 280 engasjerte deltakarar i 30 ulike fagkategoriar. Arrangementet hadde 20000 publikumarar, og gav positiv merksemd til yrkesfaga i eit tid der statusen er låg.

Halvorsen meinte det var eit problem at ein alltid problematiserte fråfallet når ein snakka om yrkesfaga, og såg det som si fremste oppgåve å synleggjere kor avhengige vi er av gode fagarbeidarar og kor viktig det er å halde den tradisjonen høgt.

 – Vi burde difor ha direktesendt tv frå yrkes-NM, sa Halvorsen.

Les også: NM-finalistane frå Stord nådde ikkje heilt opp 

– Manglande utstyr og teori
Inne på yrkes-NM var dei fleste samde om kva som skulle må gjerast for å heve sjølve kvaliteten på den yrkesfaglege opplæringa.

Magnar Wåle (16) går første året på elektrofag på Notodden vidaregåande skule, og var publikumar under NM. Han har klare meiningar om kva som skal til for å betre nivået på automatikkutdanninga han sjølv tek.

– Det største problemet er at skular ikkje har økonomi til å kjøpe det utstyret som trengs. Dei komponentane som blir mest brukte er dyre, og skulane får difor ikkje tak i desse, forklarar han. 

Les også: Norske lærlingar kan ikkje nok 

Wåle tek avstand frå løysingsforslag som går ut på å redusere teoridelen av yrkesutdanninga.

– Mange meiner det er for mykje teori, men eg likar den teorien vi har, og synest faktisk vi har for lite teori, slår han fast. Det beste med automatikkfaget er blandinga av teori og praksis. Det gjer at eg gledar meg til å gå skulen.

Wåle meiner det er viktig å få kunnskap om kva yrke utdanningar leier fram til i vaksenlivet:

– Eg synest det er veldig fint å kunne få kome hit og få innblikk i dei seinare stega i faget, og i starten av vidaregåande få vite kva ein utdannar seg til, seier han.

Les også: Krev auka tilskot til læreplassar

Verdifulle erfaringar
Stian Bertheussen var dommar i yrkes-NM. Til vanleg er han lærar i automatikkfaget på Strømmen vidaregåande, ein skule som har gode resultat når det kjem til kor mange elevar som gjennomfører utdanningsløpet.

– Eg trur statusen til yrkesfaga er i ferd med å gå opp, seier Bertheussen.

Sidan 2007 har berre ein av hans elevar ikkje fullført, og læraren er på den måten i ein god posisjon til å gi råd til kunnskapsministeren om korleis ein kan lukkast betre med yrkesfaga:

– Lærarane må legge til rette for ei motiverande og interessant undervisning. Hos oss får elevane vere med på å bestemme kva dei skal gjere frå veke til veke, dei får ikkje oppgåver tredd ned over nakken, forklarar han.

At elevane har høg grad av påverknad på læringa gir meir motiverte elevar, meiner Bertheussen:

– Elevane må glede seg til fare på skulen om morgonen, viss ikkje ligg dei berre i senga og vrir seg, meiner han.

Bertheussen held også fram kor viktig det er for yrkeselevane å ha tilstrekkeleg relevant teori på pensum, og meiner det ikkje kan bli ein større del praksis i undervisinga enn det allereie er i dag:

– Nokre av målarane kostar opp mot 30000 kroner, og då er teori viktig, for elevane må vite kva dei gjer før dei begynner å skrue, poengterer han.

Les også: 2191 elevar søkte læreplass hos Statoil

– Vel feil utdanning
Bertheussen har fleire gode råd til kunnskapsminister Kristin Halvorsen

– Halvorsen må tilføre meir pengar til skulane, slik at ein får undervise i det det nyaste utstyret som elevane møter i arbeidslivet. Ho må også sjå på lærarrolla. Slik det er no, så blir lærarane nedtynga av papirarbeid. Vi må få ein del erfarne lærarar til å bli flinkare til å motivere elevar med relevante og engasjerande oppgåver.

– Det burde vere lovpålagt at lærarar må ut og oppdatere seg på utviklinga i fagfeltet og i arbeidslivet.

– I tillegg er det veldig viktig at elevar på ungdomsskulen får rettleiing rundt val av utdanning. Mykje av fråfallet skuldast at ungdomane velgjer feil utdanning etter ungdomsskulen, avsluttar Bertheussen.