Jobba seg til gull i yrkes-NM
Hard konkurranse då 280 lærlingar og elevar var samla til NM i yrkesfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Håkon Espeland og Mats Sandtorv Brakedal deltok som "Team Stord" i finalen på yrkes-NM i Lillestrøm. Lærlingane frå Kværner Stord var godt nøgde med fjerdeplassen.
Noregmeisterskapen i Yrkesfag samla 280 yrkesfagsungdommar i 30 ulike konkurransegreiner. Nærare 20000 publikumarar var innom arrangementet i løpet av veka, inkludert kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
LES OGSÅ: Her er Noregs mest populære lærebedrift
− Hadde ingen ting å tape
Dei unge læringane vart ikkje skuffa sjølv om dei ikkje vann.
− Me var underdogs, og var med mest fordi det er gøy. Me er altså ikkje misfornøgde med fjerdeplassen. Alt i alt var det det lite kjennskap til utstyret som vart brukt som vart avgjerande. Ellers synest eg me gjorde ein god innsats og presterte bra ut frå føresetnadane me hadde, seier Mats.
− Vi hadde alt å vinne, og ingen ting å tape. Men vi er også konkurransemennske, vi elskar å konkurrere, skyt Håkon inn.
LES OGSÅ: Krev auka tilskot til læreplassar
Vegen fram til NM
Dei ambisiøse automatikk-lærlingane frå Kværner Stord tok utfordringane på strak arm heile vegen fram til NM. At dei var i finalen fredag, skuldast både tilfeldigheiter og god skulering, meiner dei.
− Det var læraren vår som meldte oss på og lurte på om vi var interesserte. Me visste ingen ting om dette her, men så søkte me litt på nettet og fann ut at det var noko me var veldig interessert i. Så reiste me til kvaliken på Strømmen vidaregåande, seier Håkon.
− Me hadde aldri trudd me kom til å kome vidare, men me var flinke å resonnere, og kompetansen vi satt på vart avgjerande for at kom til finala, legg han til.
Dagane på Lillestrøm nytta karane til å suge til seg kunnskap og utvikle seg vidare innan fagfeltet.
− Vi fekk nye impulsar og lærte nokre tjuvtriks frå andre deltakarar, smiler dei.
LES OGSÅ: Norske lærlingar kan ikkje nok
Høgt nivå
Det var ikkje enkelt å imponere fagdommarane, når karane måtte arbeide på modular som dei ellers ikkje hadde erfaring med, ulikt dei tre andre laga som var i finalen på deira felt, som alle hadde relevant erfaring på dei gjeldande modulane.
− Vi arbeidde på modular vi ikkje har jobba med før, og det vi gjorde her var ei vidareføring av den kompetansen vi allereie hadde. Her jobba vi med meir avanserte styringssystem, forklarar Håkon.
− Etter dette vil prøvene på skulen lette, det blir som ingenting å rekne samanlikna med det her, meiner gutane.
Søm og design: Nr. 2: Vilde Kristine Linnerud, nr 1 Ingrid Haarstad Røtveit, nr 3 Kristin Solvang. Foto: Kristian Hansen/WorldSkills
Her er nokre av vinnarane:
Automatisering – skule-NM (tomannslag)
1: Christer Christensen og Simen Theie Havenstrøm, Skogmo videregående skole i Skien, Telemark
2: Teodor Torvanger og Vetle Vik Haakestad, Etterstad videregående skole i Oslo
3: Aleksander af Geijerstam og Vebjørn Lunde Moritsgård, Årdal videregående skole i Sogn og Fjordane
Automatisering, NM for lærlingar og unge fagarbeidarar
1: Simen Lia Nilsen og Olav B Vangen, Fmc og K-Tech, Team Kongsberg
2: Eirik Besteland fra Brøvig AS og Finn Askeland fra Oras As, Team Kristiansand
3: Kjetil Nilssen, BIS Production Partner og Henrik Skoe, Eramet Norway Team Telemark
Ambulansearbeidarfaget, NM
1: Shawn Simmons og Patrick Wilberg, Drammen ambulanse
2: Christoffer Bade Aasheim og Stian Alexander Kjerkreit, Namsos ambulanse
3: Ole Jacob Friberg og Stian Anmarkrud Mohrsen, Innlandet ambulanse
Anleggsmaskinførarfaget, NM
1: Jørgen Killi, Brødrene Killi AS, Troms
2. Lars Kristian Skjønhaug, Døli Maskin AS, Hedmark
3: Vegard Karlsen, Åsmund Pettersen og Sønn AS, Oppland
Bakar, NM
1: Charlotte R. Hansen, Ostehuset Østbakeri, Stavanger
2: Joachim Helming, N- Lie-Nielsen i Bergen og Hordaland
3: Sunniva Pettersen, Fristelsen bakeri og konditori, Storslett i Troms
Barne- og ungdomsarbeidarfaget, NM
1: Christina Monn- Iversen og Edina Omare Broddey, Oslo
2: Joakim Holm og Malene Axling Madsen, Telemark
3: Lene Moniqe Thorsen og Marielle Hageland, Vest-Agder