Skifta hovudmål med tungt sinn

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jentene kjem frå Time og Hå kommune på Jæren, som er eit tradisjonelt nynorskområde. Men som mange av medelevane sine, har dei gått over til bokmål som hovudmål i løpet av vidaregåande.  

Tal frå Språkrådets statusrapport for 2012 syner eit stort målbyte i Rogaland. I grunnskulen hadde 24,1% av elevane nynorsk som hovudmål førre skuleår. Av VG 3 elevane på studieførebuande program og påbygg, hadde berre 6,1% nynorsk som hovudmål i 2012. Det er ein nedgang frå 2011, då talet var  7,2 %. Elevane på yrkesfaglege studieprogram er ikkje del av statistikken, då norskeksamen for desse elevane vert utforma lokalt og slik ikkje registert av Utdanningsdirektoratet. Rogaland Fylkeskommune har heller ikkje samla statistikkar over målforma til vidaregåandeelevane i fylket.  

– Vi har alltid vore mykje flinkare i bokmål enn i nynorsk. Vi føler det er mykje lettare, derfor skifta vi målform då vi byrja på vidaregåande og kunne velje sjølve, seier Kelly Rusnes og Marita Baklund.

Trist val 
– For meg var det ganske tungt å skifte hovudmål. Eg er så glad i nynorsk, så det var eit trist val og noko eg gjorde med tungt sinn, seier Kristin Frafjord, som skifta hovudmål i andre klasse på vidaregåande.

 – Hadde meir gått føre seg på nynorsk og det hadde vore fleire nynorskklasse, er det ikkje sikkert eg hadde skifta, held ho fram. Også Kelly Rusnes og Marita Bakklund meiner det hadde vore lettare, om meir hadde gått føre seg på nynorsk:

– Seriar er teksta på bokmål og det er målforma lærarane går gjennom ting på. Det gjer at du føler deg tryggare på bokmål.

Nynorsk øy
Leiar i Rogaland Mållag, Einar Schibevaag, meiner nynorskens svekka stilling i regionen handlar om urbanisering, manglande kulturforståing og nynorskens plass i det offentlege rom.

– Jæren har vore ei nynorsk øy, med bokmål på alle kantar. Dialekten ligg veldig nær skriftspråket. Men den store befolkningsveksten gjer at nynorsken kjem under press. Derfor trengst det ei sterk haldning om at dette skal vera eit nynorsk kjerneområde og ein regional ressurs, elles dett språket ut, forklarar han.  

Schibevaag meiner det er mangel på medvitne haldningar i det offentlege, at ei språkleg nøytral fylkeskommune gjer dei vidaregåande skulane friare. Han meiner og det bør vera sjølvsagt at gjennomgang og undervisning på nynorskskulane ikkje skal vera valfritt, men på nynorsk.

LES OGSÅ: – Nynorskhatet lever på internett

Forsvinn ikkje heilt  
– Eg trur ting kjem til å verte verre før det vert betre. Forsvinn nynorsken mistar ein veldig mykje kultur, og folk må for augo opp for kor viktig det er, forklarar  Schibevaag. Han har tru på ei sterkare haldning for nynorsk, der folk vert stolte av å bruke målforma og ungdommen tek vare på språktradisjonen dei har vekse opp i.  

Også Kelly Rusnes, Marita Baklund og Kristin Frafjord, meiner språk er viktige med tanke på kultur og identitet.  

–  Ein lever seg meir inn i det når ein les nynorsk, særleg når det gjeld dikt. Vi trur nok aldri nynorsken kjem til å forsvinne heilt, vi håpar i alle fall ikkje at den gjer det, avsluttar jentene.   

QUIZ: Skjønar du bokmål?