AUF vil gi stemmerett til 16-åringar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Usamde om 16- åringar kan veljast

Torsdag opnar landsmøtet til AUF. I det første landsmøtet sidan 22. juli 2011, går sentralstyret no inn for å opna det norske demokratiet for 16-åringar.

I forslaget til nytt program står det at ”AUF meiner det er rett å gi 16- og 17-åringer stemmerett for å auka påverknadskrafta til ungdom i politikken. Ungdomspartiet til Arbeidarpartiet ønskjer framleis at myndigheitsalderen i Noreg skal halda fram med å vera 18 år.”

– Eg er sjølvsagt for stemmerett for 16-åringar. Det er fordi 16-åringar er modne nok til å ta del i demokratiet, seier Fredric Holen Bjørdal, sentralstyremedlem i AUF.

– Uavhengig av dette kan stemmerett for 16-åringar òg brukast til å auka demokratiforståinga, legg han til.

LES OGSÅ:Vil gje babyar stemmerett

Ueinige om kven som kan veljast
Sentralstyret til AUF er usamde om 16-åringar skal kunne stilla til val.

Ein mindretal med AUF-leiar Eskil Pedersen og Khamshajiny Gunaratnam meiner at 16-åringar skal kunne veljast til kommunestyre og fylkesting, medan ein må venta til ein blir 18 år for å kunne vera stortingskandidat.

– Ei praktisk tilnærming til det, er at eg meiner det er viktig at ungdom fullfører skulen. Ein kan ikkje ha både ein fire år lang fulltidsjobb i Oslo, og samtidig gå på skulen, seier Eskil Pedersen til Framtida.no.

AUF-nestleiar Åsmund Aukrust, Brage Solund og Jan Christian Vestre ønskjer at 16-åringar òg kan stilla til val på Stortinget.

LES OGSÅ:– Eg har skifta meining på stemmerett

Den yngste som nokon sinne har møtt på Stortinget, var Kjell-Ingolf Ropstad (KrF) då han møtte som vararepresentant første gong som 20-åring.

Fredric Holen Bjørdal er blant dei som førebels ikkje har tatt noko standpunkt til om ein kan stilla til val yngre enn 18 år.

– Redaksjonskomiteen får ein god jobb etter debatten på torsdag, spår han.

Bjørdal legg til at han er sikker på ungdomspartiet vil gå inn for ei endring frå dagens ordning med stemmerett for 18-åringar.

Stikk motsett for 34 år sidan
Då Unge Høgre diskuterte stemmerettsalder på landsmøtet sitt i juni, valde landsmøtet å halda på dagens grense på 18 år.

For 34 år sidan, då debatten om innføring stemmerett for 18-åring raste, var situasjonen stikk motsett. Då var AUF-leiinga blant dei skeptiske, medan Unge Høgre-leiar Kaci Kullmann-Five gjekk i bresjen for stemmerett for 18-åringar.

LES OGSÅ: Er stemmerett for 18-åringar ein katastrofe?

Demokratisk problem
Fleire delstatar i Tyskland og Austerrike har allereie innført stemmerett for 16-åringar. Tal herifrå viser at 16-åringane er flinkare enn 18-åringane til å bruka stemmeretten.

Dette viste òg forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar i 20 kommunar ved siste kommuneval.

LES OGSÅ: – Meir enn ein Utøya-effekt

Sentralstyret til AUF meiner det er eit demokratisk problem at store delar av Noregs befolkning ikkje deltar ved val.

– Legitimiteten til det politiske systemet i eit demokrati er nært knytt til kor stor del av folket som vel å bruka retten sin til å stemma og dermed bestemma kven som skal styra. Det må derfor det blir jobba aktivt for å auka valoppslutninga i befolkninga, særleg blant unge veljarar, heiter det i innstillinga til sentralstyret.

For å auka oppslutninga ved val i område der valoppslutninga er låg, spesielt i område med minoritetar, bør det setjast i verk tiltak med ”demokratiambassadørar” der heile nabolag systematisk blir skolert i demokratiarbeid og rettar, meiner dei.

AUF-leiar Eskil Pedersen ønskjer òg at det blir to valdagar i alle norske kommunar. I dag er det opp til kommunane sjølve å bestemma om ein skal éin eller to valdagar.

Eit mindretal på tre sentralstyremedlemmer, Tonje Kristensen, Kjetil Vevle og Brage Sollund ønskjer å innføra ein felles valdag for både stortings-, fylkestings- og kommunestyrevalet.

Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar? Er 16-åringar modne nok til å stemma?

Faktaboks

 

• Venstre og Sosialistisk Venstreparti har programfesta stemmerett for 16-åringar.
• Blant ungdomspartia er Unge Venstre, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom for stemmerett for 16-åringar.
• Unge Høgre og Framstegspartiets ungdom er mot.
• Senterungdommen og KrFU er i tenkjeboksen.

Les også: Delt på midten om stemmerett

Stemmerettsalder i Noreg:

1898: Alle menn over 25 år
1913: Også alle kvinner over 25 år
1920: 23 år
1946: 21 år
1967: 20 år
1978: 18 år

Les meir på Wikipedia!