Ein av to kjenner seg ikkje attraktive

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kjem fram i ei ny, nasjonal undersøking i regi av Norsk Studentorganisasjon (NSO), melder Universitetsavisa.

Dårleg sjølvtillit
I den same undersøkinga kjem det fram at studentar innan humanistiske og samfunnsvitskaplege fag (HumSam) har dårleg sjølvtillit. Dei har kjensla av at arbeidsgjevarar ikkje er klar over kompetansen dei sit inne med.

Samstundes undervurderer mange kompetansen sin, og blir difor mindre attraktive når dei søkar jobb.

– Hjelp studentane
NSO listar sjølv opp ei rekkje tiltak ein meiner vil kunne gjere situasjonen betre.

Utdanningsinstitusjonane har mykje ugjort når det gjeld å styrke den faglege stoltheiten og fagidentiteten til studentane.

NSO skriv òg at både tilsette og studentar ved HumSam-fag over heile landet snakkar om faga med lite stoltheit.

Det er ein uheldig trend, skriv NSO, som òg peikar på kor viktig det er å opprette alumnusnettverk, i tillegg til å styrkje kontakten mellom studentar og arbeidsliv. Tiltak som praksisplassar og internships blir spesielt teke fram.

Les saka i Universitas!