– Mobbar Jagland sin engelsk
Thorbjørn Jagland blir utsett for språkmoralisme som grensar til mobbing, meiner Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mobbar Jagland
Vebjørn Sture er mektig lei av hakkinga på Jaglands engelskuttale.
– Dette har blitt eit årleg rituale i sosiale medium. Det kan nesten verke som om nokre trur at fredsprisen berre er eit påskot for å få Jagland til å snakke engelsk, slik at dei kan gjere narr av han, seier Sture, som heller manar til sakleg diskusjon om fredsprisen.
LES OGSÅ: – Eit fredens kontinent
– Nobels fredspris har fleire gonger skapt kontrovers, og årets tildeling gjev mildt sagt grunnlag for diskusjon. Det er synd om den diskusjonen blir forringa av usakleg, negativ merksemd rundt noko så irrelevant som komiteleiaren sin engelskuttale, meiner Sture.
– Over heile verda snakkar folk engelsk med sine lokale aksentar, og det er det sjeldan nokon som heng seg opp i. Utanom i Noreg, då – her skal vi visst snakke Queen's English alle mann, seier målungdomsleiaren syrleg.
– Når det gjeld aksept for ulike dialektar, er Noreg eit svært moderne land. Det er eit paradoks at vi samstundes slit med så gamaldagse og forstokka haldningar til norsk aksent på framandspråk, held Sture fram.
LES OGSÅ: – Lei av tåkeprat
Sture meiner hakkinga på Jagland kan utgjere eit demokratisk problem:
– Det kan ikkje vere slik at du må høyrast ut som den engelske dronninga for å kome deg opp og fram i samfunnet. Kva slags samfunnstoppar rekrutterer vi dersom den viktigaste kvalifikasjonen er å snakke engelsk utan snev av norsk aksent, spør Sture avslutningsvis.
Høyr Jagland si kunngjering på engelsk her!
– Fordel med "euro-engelsk"
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, skreiv i eit innlegg på Nei til EU sine nettsider i fjor, at det er fordel å ikkje snakka engelsk for godt i nettopp EU.
– Sjølv om engelsk var bruksspråket i organisasjonen, så var det likevel ikkje nokon fordel alt i alt å ha engelsk som førstespråk. Ulike aksent og varierande vokabular var ei utfordring for dei fleste, men britane som snakka med engelsk eller skotsk dialekt og hadde stort ordforråd var vanskelegast å forstå. Og dei fekk tilsvarande mindre gjennomslag. I all ”euroengelsken” eller ”Brussel-engelsken” kom dei med engelsk som hovudmål plutseleg på bortebane. Dei britiske representantane som gjorde det bra, hadde til felles at dei var sterke i andre språk – noko som var unnataket heller enn regelen.
QUIZ: Kva veit du eigentleg om EU?
Kva meiner du om uttalen til Thorbjørn Jagland?