Lei av tåkeprat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lei av tåkeprat

– Du skal ikkje gå mykje rundt i gangane her i huset før du finn setningar eg stemplar som uklart språk, seier fornyingsminister Rigmor Aasrud (Ap) til VG.



Eit raudt stempel frå Aasrud og andre statsrådar tvinger byråkratane til å formulere seg om igjen viss språket er uklart og tåkete.

 Hennar eigne byråkratar har rekna ut at uklart språk frå stat og mynde kostar 300 millionar kroner årleg. Folk som får brev eller skjema forstår ikkje kva det står i dei.



– Folk må faktisk ofte ringe og spørje kva som eigentleg står i brevet eller skjemaet dei har fått. Kanskje må det bli sendt eit nytt brev. Dette fører til lengre saksbehandlingstid. Tida det tar å oppklare og rette opp i til dømes ufullstendige søknader er kostbar, peikar Aasrud på.

Språkrådet har sidan 2009 samarbeidd med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) for å betre språket i staten. Initiativet kjem frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Føremålet med prosjektet «Klart språk i staten» er å betre språket i skriftleg informasjon til publikum.

Språkrådet har utarbeidd nokre tips til korleis byråkratar og andre kan få eit betre språk. Her er nokre av dei:

 

– Unngå å bruke abstrakte ord og uttrykk.

– Unngå også vage uttrykk og moteord.

– Bytt ut substantivtunge setningar. Bruk verb.

– Bytt ut passive setningar med aktive.

– På det nåverande tidspunkt = Nå

– I inneverande år = I år

 

Du finn fleire råd til korleis du skal skrive og korleis du ikkje skal skrive på Språkrådet si nettside for «Klart språk i staten».