Dramatisk læring

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer meir av teater

Elevar som får arbeide med drama og teater blir betre på skulen. Det syner det store europeisk forskingsprosjekt DICE. Kanskje noko å tenkje på for åttandeklassingar som skal velje valfag no i haust?

LES OGSÅ: Får velje fag sjølv

Kunst bra for både motivasjon og læring
For nokre veker sidan presenterte Framtida.no ny forsking som syner at kunstinteresse ein viktig faktor for samfunnsdeltaking. Tidlegare har den britiske professoren Ann Bamford argumentert for å satse meir på nett kunst og kultur i skolen, fordi hennar forsking syner at det å tileigne seg kunnskap gjennom kunst og kultur syner at ein lærar betre.

Samstundes argumenterte i 2009 William Broch-Haukedal, professor og dekan ved NHH, for at estetiske opplevingar kunne vere viktig for å motivere arbeidstakarane til å yte ekstra innsats.

Dessutan meinte NHH-professoren at estetisk teori kunne lære oss mykje om korleis å skape eit bærekraftig arbeidsliv.

LES OGSÅ: Vil lage multinorsk teater

Dice – Terningen er kasta
At kunst er bra for læringa åt elevane kom fram i det store europeiske forskingsprosjektet DICE.

Dice står for Drama Improves Lisbon Key Competence in Education (drama fremjar Lisboamåla til kjernekompetanse i utdanninga), og er eit forskingsprosjekt som ser på effekten av å la drama inngå som ein del av undervisinga. Dei har presentert resultatet i rapporten “Dice – terningen er kasta”, der dei utfordrar politikarar til å inkorporere drama i undervisinga.

For resultata deira, som er tufta på forskingsresultat frå 12 europeiske land, syner at ungdom som får drama som ein del av undervisinga ikkje berre tykkjer det er kjekkare på skulen: Dei blir faktisk flinkare til problemløysing, meir motivert for å arbeide med skulearbeid, og flinkare til å ta ansvar for eiga læring.

LES OGSÅ: – Eitt minutt på å få dei med på ditt lag

Drama gjer ein meir tolerant
Men ikkje berre blei elevane gladare og flinkare: Dei blei òg mykje meir tolerante av å ha drama som ein del av undervisinga.

Dette testa forskarane gjennom å spørje elevane som hadde hatt drama ein del spørsmål om forholdet deira og haldningane til folk frå stigmatiserte gruppe eller minoritetar, for å samanlikne med dei som ikkje hadde hatt drama.

Då kom det fram at dramaelevane scora 13 prosent høgare å sosial aksept enn dei kontrollgruppa. På spørsmål om dei ville dele landet sitt, vere nabo til, ha hjelpt, blitt ven eller kjæraste med ein sosialt stigmatisert eller utanlandsk person, var altså elevar som hadde hatt drama mykje meir open enn dei som ikkje hadde hatt det.

Å leve seg inn i stoffet
Men kvifor kan drama gjere ein betre til å lære, hugse og arbeide med skulearbeid?

I rapporten skildrar forskingsgruppa det sentrale med all drama og teater, nemlig moglegheita til å leve seg inn i ein annan situasjon: Å kombinere si eiga verd med ei fiksjonell verd. Når ein gjer det øver ein opp sin grunnleggande evne til å forstå andre menneske og situasjonen, å gjere det abstrakte konkret.

Dessutan understrekar forskarane tydinga av å nytte kjenslene:

– Å bruke dramatisk kunst til å kople tanke og følelse sånn at ungdom kan utforske og reflektere over eit emne, teste og prøve ut nye idear, erverve ny kunnskap, skape nye verdiar og bygge opp sjølvtillit og sjølvmedvit, skriv dei i rapporten.

LES OGSÅ: Gym kvar dag gir flinkare elevar

Kjensler er viktige for minnet
At nett det å kople kjensler til læring kan vere lurt, vert støtta opp under av psykologisk forsking. At ein hugsar betre det som påverkar kjenslene sterkt, har lenge vore kjent, men no har ei kanadisk forskingsgruppe frå Universitetet i Toronto funne ut nett kvifor det er sånn.

Dei publiserte nyleg ein artikkel i tidsskriftet “Journal of Neuroscience”, om samanhengen mellom kjensler og minner.

Dei har studert korleis folk reagerer kjenslemessig når dei ser bilete, og kopla kjenslemessig reaksjon til minne. Konklusjonen deira er klar: Når vi ser eit bilete reagerer vi lynrask med kjensler, som påverkar medvitet vårt om det vi ser.

I forskinga såg ein dette ved bruk av negative, positive og nøytrale bilete. Negative bilete var bilete som kunne trigge frykt eller sinne, som bilete av ein hai som flekka tenner eller bilete av valdeleg karakter. Positive bilete var bilete som trigga positive kjensler, til dømes milde erotiske bilete. Nøytrale bilete var kvardagsbilete henta ut frå kjente, daglegdagse situasjonar, som folk i ein heis.

Det som overraska forskarane var at folk reagert nesten nøyaktig likt på positive og negative bilete. Den sterke kjenslemessige reaksjonen gjorde at forsøkspersonane hugsa desse bileta betre.

LES OGSÅ: Ei kjensle av å meistra

Kjensler i læring?
Kanskje er det lett å tenkje på skole som ein plass for teori og gørrkjedelig pugging. Men er det den beste måten å lære seg ting på?

– Vi fann at kor levande vi erfarer noko i utgangspunktet, avgjer kor levande vi vil hugse det seinare, seier Rebecca Todd, postdoktor og ein av forfattarane bak artikkelen.

Ho samanliknar kjenslene med ei lyskastar som gjer minna klarare

– Vi kallar dette “emosjonelt forhøga livaktigheit, og det er som blitzen frå ei lyspære som lysar opp ei hending medan den blir fanga i minnet, avsluttar ho. 

Kjelder:
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article4059767.ece

http://www.dramanetwork.eu/file/Norsk%20versjon%20greenpaper%20short.pdf