Ei kjensle av å meistra

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar onsdag er Thomas Ulriksen (15) og kameraten Espen Olsen (14) på plass i verkstaden til Moland Racing Team i Ølen. Dei neste timane handlar det utelukkande om bil og bilsport. Her blir det mekka til den store gullmedaljen.

Thomas har vore fast inventar hos rallyentusiastane det siste året, mens Espen har vore med sidan i haust. Saman har gutane bygd to motorcrossbilar berre dei siste månadane. Alt det innvendige i bilen har dei rive ut. Så har dei bygd bilen opp igjen. Veltebur har blitt sveisa på og anna, ikkje brennbart, utstyr sett på plass. No er snart bilane klare for trening i Vikedal og konkurranse mot andre bilcrossarar.

Bil er meir enn ei brennande interesse for Thomas. Det gir han også kjensla av å meistre noko.

LES OGSÅ: Unge er redde, men droppar bilbelte

– Eg er ikkje noko skulelys og føler ikkje alltid at eg lærer så mykje av å sitje på skulen dagen lang. Eg er lei av å bli kalla dum. På verkstaden får eg berre skryt og kjenner at også eg kan oppnå noko, seier ungguten, som har køyrt motorcross sidan han var tre år gamal. No er han nettopp begynt å trene bilcross. Til neste år får han vere med og konkurrere om den gjeve pallplassen, med Espen som mekanikar.

Thomas er ikkje i tvil om kva han skal bruke vårens konfirmasjonspengar på.

– Dei skal eg bruke på bilcross, glisar han.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Vil motivere ungdom
Å vere ungdom og skulelei er ikkje akkurat noko ny problemstilling. Det er ikkje alle som klarer å «henge på» i det som blir kritisert for å vere ein altfor teoritung ungdomsskule. Rallycrossentusiasten Bjørn Magne Moland Enge og fleire med han i Moland Racing Team har dei siste åra hatt eit ønske om gi eit tilbod til både motorinteressert ungdom og ungdomsskuleelevar som er litt skuletrøytte. Aller helst som ein del av skuletilbodet.

– Me trur skulane vil få mykje igjen ved å la elevane som treng det, få eit avbrekk og vere i verkstaden nokre skuletimar i veka. Kanskje er det midt i blinken for akkurat denne eleven? At han får drive med det han/ho er interessert i? Ei slik interesse og kjensle av meistring kan også virke motiverande for resten av skulegangen generelt, meiner Moland Enge, som no er dialog med Etne og Vindafjord kommunar om å få til eit samarbeid med ungdomsskulane. Han ser for seg ei gruppe på seks-åtte elevar som kan komme i verkstaden opptil éin skuledag i veka og jobbe. Rektorane på skulane er positive til forslaget og har fleire elevar som skal vere interessert i eit slikt tilbod.

LES OGSÅ: – La 17-åringane køyra bil åleine

Rekruttering til bilsporten
Enn så lenge er det berre Thomas og Espen frå ungdomsskulen som kjem på kveldstid. Dei synes det vil vere ein god idé at skuletrøytte elevar får komme dit i løpet av skuledagen også.

– Det betyr mykje med ein meiningsfull hobby. I tillegg er det veldig sosialt, seier Espen.

– Gutane er veldig flinke, og det er veldig kjekt å ha dei med oss. Me deler same interessa og får god hjelp til det store dugnadsarbeidet. Også held dei kjekke ungdommane oss unge, ler Moland Enge, som ønskjer fleire ungdommar til bilsporten.

– Det er viktig å gi ungdommen eit alternativ til den altoppslukande fotballen. Fotball passer ikkje for alle, meiner han.

LES SAKA I GRANNAR.NO!