Får velje fag sjølv
Lena Underhaug (12) prøver seg med det heilt nye kameraet. Lærarane og elevane på Voss jublar over at valfag er tilbake.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Underhaug har tatt av dekselet på speglreflekskameraet og prøver å finne ut korleis zoomen fungerar. Ho er ein av tolv som valde mediefag som valfag. Medelevane hennar Ragnhild Dymbe og Kristi Prestegard poserar framfor skulen sin.
Nytt utstyr
– Åh, bryt medielærar Einar Horvei ved Voss ungdomsskule ut. Underhaug er den fyrste som får helde i kameraet. Han er litt nervøs. Skulen har fått ny speglrefleks, det skjer ikkje kvar dag. Gjennom 30 år som lærar har han lang erfaring i å undervise både i pålagte fag og i fag som elevane sjølv vel.
– Eg ser at dei er meir glade i valfaget. Dei er meir motiverte. Eg trur valfaget er veldig viktig for elevane, seier Horvei. Han håpar at valfaget kan gjere ein elles teoritung skulekvardag, litt lettare.
Alle dei åtte valfaga som elevane ved ungdomsskulene kan velje blant, skal vere praktiske. Faget går to timer i veka. No er det berre 8.klasse som har valfag, men når dei byrjar i 9 og 10. klasse vil det halde fram.
Sjå ein oversikt over faga her!
Mindre teori
Elevane er einig i at det er kjekt å kunne gjere noko anna enn dei vanlege teorifaga.
– Eg vert trøytt av berre å sitte stille og høyre på ein lærar. Det er kjekkare når ein gjer noko praktisk sjølv, seier Underhaug. Ho valte mediefag fordi ho likar og skrive og synast det verker spennande å verte journalist.
– I mediefaget skal vi lage nettavis og eg vil leggje vekt på at elevane sjølv skal få velje kva dei vil skrive om, seier Horvei. Det er óg planar om eit samarbeid med lokalavisa Hordaland.
Fyrste artiklar
I sin fyrste artikkel har Underhaug og Prestegard valt å skrive om iPhone 5, medan medelev Ragnhild Dymbe skal ut og intervjue nokon av elevane ved skulen.
– Eg likar å ta bilete, det vert kjekt å lære meir om det, seier Dymbe.
Framover håpar dei å få elevar og lærarar ved skulen til å lese artiklane sine på nett.
– No gjeld det å finne på eit bra namn til skuleavisa vår, fortel Underhaug.