– Åtte tapte år for klimaet

Trass auke i løyvingane til miljøtiltak og jernbane – miljøorganisasjonane saknar tiltak frå regjeringa som verkeleg monnar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøverndepartementets budsjett aukar med 11,4 prosent i framlegget til statsbudsjett for 2013. Sikring av naturmangfald, vern av kulturminne og kulturmiljø, klimatiltak, kart og geodata og auka innsats for planarbeid i byområda er viktig i miljøsatsinga.

– Budsjettet gjev eit kraftig løft for miljøvernet i Noreg. Klimaet er ein av budsjettvinnarane med ti milliardar kroner til fondet for fornybar energi og energieffektivisering, auka løyving til kollektivtransport og auka CO2-avgift. I tillegg vil vi auke innsatsen for å ta vare på kulturminne og naturmangfald, mellom anna ved å auke løyvinga til skogvern med 111 millionar kroner, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) i ei pressemelding.

Sidan 2005 har Miljøverndepartementet nær dobla budsjettet sitt.

LES OGSÅ: Noreg har verdas billegaste bensin

– Lite ambisiøst
Men miljøorganisasjonane er langt ifrå nøgde.

– Det er umuleg å sjå for seg at kuttmåla til klimaforliket skal bli nådd med dette svake statsbudsjettet. Verda er på full veg mot klimakrise, og dei rike land må kutt sine utslepp med 80 prosent innan 2050, seier leiaren for Bellona, Frederic Hauge, i ei pressemelding.

– På nokre få punkt tar regjeringa no nokre musesteg i rett retning, men for det meste står dei raudgrøne på staden kvil og gjer ingenting. Dei raudgrøne sin klimapolitikk lir under akutt mangel på konkretisering, seier han.

LES OGSÅ: Feira klimaforliket

Leiaren for Natur og Ungdom, Silje Lundberg, meiner budsjettet er lite ambisiøst.

– Statsbudsjettet handlar om å prioritera, og sjølv om det er nokre lyspunkt i dette budsjettet, verkar det meir som om regjeringa ser på klimaforliket som eit tak for tiltak og ikkje eit golv. Dermed har me eit budsjett som ikkje tek utsleppsreduksjonane noko lengre enn det klimaforliket seier, seier ho.

– Budsjettet sikrar på ingen måte at CO2-utsleppa vil minka tilstrekkeleg i åra framover. Tvert imot ser det med budsjettet for 2013 dessverre ut til at utsleppa vil auka, seier politikkansvarleg i ZERO, Kari E. Kaski.

– I løpet av snart åtte år med ei raud-grøn regjering har me ikkje fått til utsleppsreduksjonar. Heller ikkje no blir det ført ein ambisiøs politikk som sikrar at utsleppa vil gå ned, seier Kaski.

QUIZ: Kva veit du om klimaet? Prøv deg på den store klimaquizen!

– Treng meir til jernbane
Statsbudsjettet legger opp til 1,4 milliard friske kroner til jernbanen. Natur og Ungdom er nøgde med ei framleis satsing på jernbane i statsbudsjettet for 2013, men peikar på at med dagens utbyggingstempo vil det ta 30 år før InterCity-utbygginga står ferdig.

– Satsinga på jernbane gjer det mogleg å flytta passasjerar og gods frå veg over på miljøvennleg togtransport. Dei største utsleppskutta får me likevel først når regjeringa tydeleg nedprioriterer nye motorvegprosjekt, og sørgjer for restriksjonar på biltrafikken, seier leiaren i Natur og Ungdom.

Arild Hermstad i Framtiden i våre hender skulle òg ha tenkt seg ei tydelegare prioritering av jernbane framfor veg. Han er òg skuffa over at det ikkje blir dyrare å fly.

LES OGSÅ: Mindre utslepp trass vekst

Meir til skogvern
Posten til Miljøverndepartementet for skogvern blir auka med 111,1 millionar kroner og er totalt på 231,1 millionar. Skogvern er det viktigaste tiltaket for å stoppa tap av norsk natur. Halvparten av dei truga artene i Noreg finst i skogen, og ifølgje Natur og Ungdom er det snarast trong vern av nærare 5 prosent av den produktive skogen i Noreg for å stoppa tapet av naturmangfald. Så langt har Noreg berre verna 2 prosent.

– Skogvernet er avgjerande for å stoppa øydeleggingane av norsk natur. Difor er det svært gledeleg at regjeringa styrkjer innsatsen, men skal ein no måla om å stoppa tapet av naturmangfaldet treng me ein kraftig auke til skogvernet, òg i åra som kjem, held Lundberg fram.

Naturvernforbundet er òg blant dei som helsar dette velkomen.

Les alt om statsbudsjettet her!