Desse er best på kultur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk kulturindeks er eit årleg oversyn over kulturnivået i norske kommunar basert på tal frå ei rekkje ulike register. Resultata for 2012 er no klare.

På toppen av Norsk kulturindeks i 2012 finn me Røros. Der er mange kunstnarar busett i Røros, kommunen har ein høg del kulturarbeidarar, eit godt konserttilbod og ein stor og aktiv frivillig sektor. I oversynet til fjoråret hamna dei på 5. plass, i år har dei klatra heilt til topps.

LES OGSÅ: Beste kulturregion etter Oslo

På andre plassen finn vi Vadsø kommune i Finnmark. Òg dette ein kommune som scorar jamn over godt. På tredjeplassen finn me vinnaren for fjoråret, Gloppen. Òg Gloppen skårar høgt på dei fleste indikatorane

Vågan i Lofoten ligg framleis på fjerdeplass, medan Ål kommune i Hallingdal har klatra til frå niande til femte plass.

Mellom dei store byane kjem Tromsø, Trondheim, Bergen og Stavanger føre Oslo, med Kristiansand noko bak der igjen.

Faktaboks

Her er førsteplassane innanfor dei 10 kategoriane som blir målt:
Kunstnarar: Nesodden
Kulturarbeidarar: Karasjok
Museum: Nesseby
Konserter: Træna
Kino: Ski og Tønsberg
Bibliotek: Modalen
Scenekunst: Kautokeino
Kulturskole og DKS: Vestre Slidre
Sentrale tildelingar: Røros
Frivilligheit: Solund