Éi av ti jenter har opplevd sexovergrep

Og éi av fire seier at dei har opplevd seksuelt krenkjande åtferd før dei vart 16 år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éi av ti har opplevd overgrep

I ein ny rapport seier éi av ti jenter at dei har opplevd uønskt seksuell omgang før dei fylte 16 år. Undersøkinga, som er gjort som ein del av eit prosjekt ved Universitet i Bergen (UiB), viser at over halvparten av alle kvinner og ein femdel av mennene har opplevd å bli seksuelt krenkte, skriv Dagsavisen.

– Dette er alarmerande høge tal. Seksuelle overgrep er eit svært alvorleg problem. Den høge førekomsten og det store skadepotensialet viser at det heilt openbart er eit behov for førebyggjande tiltak, seier psykolog og stipendiat Iris M. Steine ved UiB.

Samlenemninga «uønskt seksuell omgang» omfattar dei mest alvorlege seksuelle overgrepa, inkludert ulike former for valdtekt.

LES OGSÅ: – Ungdom skal vera med på å førebyggja valdtekt

I alt 11,4 prosent av kvinnene sa dei hadde opplevd uønskt seksuell omgang før dei fylte 16 år, mens 16,3 prosent av kvinnene opplevde dette første gongen etter at dei hadde fylt 16.

Tett oppunder 25 prosent sa at dei hadde opplevd seksuelt krenkjande åtferd – til dømes blotting og å bli vist pornografi – før dei hadde fylt 16 år.

LES OGSÅ: Deler nakenbilete på Instagram

Forskarane har definert overgrep litt vidare enn det som har vore gjort i tidlegare undersøkingar ved at dei har tatt med krenkingar som ikkje omfattar fysisk vald eller misbruk. Derfor viser undersøkinga høgare tal enn det som har gått fram av tidlegare undersøkingar.

Tala viser likevel klart at seksuelle overgrep er svært utbreidd, og barneombod Anne Lindboe er ikkje overraska.

– Problemet er stort. Dette er noko veldig mange barn blir utsette for, som dei går og ber på, og som dei ikkje tør å fortelje om, seier ho. (©NPK)