Ikkje all internasjonal erfaring er like verdsett.

 

Over seksti arbeidsgjevarar var til stades under Arbeidslivsmessa på Universitetet i Oslo denne veka. Vi spurde nokre av dei kor mykje internasjonal erfaring har å seie når dei leiter etter det neste ljose hovudet.

Destinasjonen tel
Studentar og nyutdanna surrar rundt i Idrettsbygningen på Blindern i ei nysgjerrig masse. Bedriftene lokkar med Twist, minnepinnar og moglegvis eit steg nærare draumejobben.

I trengselen framføre Norad sin stand står kanskje nokre av norsk bistand sine framtidige kvalitetssikrarar. For å lande ein jobb i direktoratet for utviklingssamarbeid skulle ein kanskje tru at internasjonal erfaring er eit krav.

– Ikkje nødvendigvis, seier Kjell Arne Klingen, som er seniorrådgjevar og arbeider med rekruttering i Norad.

LES OGSÅ: Rekordmange studerar utanlands

– Men om ein kandidat har teke delar av studiet i utlandet, kan det vere tyngda på vektskåla, seier Klingen.

Ifølgje seniorrådgjevaren er det avgjerande kvar ein har vore på utveksling eller skaffa seg internasjonal erfaring. Eit godt råd dersom ein drøymer om ei karriere i Norad, kan vere å følgje med på satsingsområda for norsk bistand. Spesialisert kunnskap frå område der Norad driv prosjekt er etterspurt.

– Mange av landa der bistandsarbeid er aktuelt er ikkje typiske destinasjonar for norske studentar. Om ein har vore på utveksling i Australia, har ein ikkje nødvendigvis fått betre kjennskap til bistand. Dersom ein søkar til dømes har studert i Latin-Amerika eller Afrika, eller gjort feltarbeid til masteroppgåva si i eit område vi skal arbeide i, kan det derimot trekkje opp, seier Klingen.

LES OGSÅ: Eit år i utlandet – noko for deg?

I rekrutteringsprosessen er det den faglege tyngda som er avgjerande. Kjennskap til språk, særleg spansk og engelsk, er viktig.

– Dersom ein har studert ved prestisjetunge institusjonar, som London School of Economics, eller hatt internship i FN kan det òg telje positivt, seier seniorrådgjevaren.

Vil bli meir etterspurt
I rekrutterings- og bemanningsselskapet Manpower, som skaffar personale til ei rekkje bransjar og  fagområde, rådar avdelingsleiar Kirsti Rishøy studentar til å gjere grundig førearbeid før dei vel studieland og universitet.

– Kva land som er mest attraktive for studentar varierer, men engelsktalande land har lenge vore attraktive. Asia kjem også stadig meir på bana. Vi rår studentar til å gjere god research, slik at dei vel ein studiestad som er anerkjent og godkjennast i Noreg, seier Rishøy.

LES OGSÅ: Med sjukehusstrid i bagasjen

– Kva vekt legg de på om studenten har vore på utveksling i ein tilsetjingsprosess?

– Arbeidsmarknaden vert stadig meir global og erfaring frå andre land og kulturar er generelt ei styrke, som vil bli endå meir etterspurt framover. I kva grad det betyr at du vil bli føretrekt framføre andre kandidatar, er avhengig av stillinga og arbeidsplassen, seier avdelingsleiaren.

Ho rådar utanlandsstudentar til halde kontakt med heimlandet undervegs i studiane.

– Ei viktig side ved studietida er høvet til å byggje nettverk, til dømes ved å ha jobb ved sidan av studiane. Denne moglegheita misser ein dersom ein tek heile utdanninga i utlandet, og det er viktig å vere merksam på. Har du vore vekkreist i mange år, kan det ta noko tid før du får arbeida deg opp eit kontaktnett i Noreg, som kan opne dører til arbeidslivet.

Risiko
Tor Endre Gustavsen er HR-konsulent i Det Norske Veritas (DNV). Han trur internasjonal erfaring kan vere eit pluss.

– I utgangspunktet ser vi på kompetansen til kandidaten, uavhengig av om den er frå utland eller innland. Men DNV har 300 kontor i 100 ulike land og er dermed i høg grad ei internasjonal bedrift. Internasjonal erfaring kan syne at kandidaten er initiativrik, fleksibel og kjenner andre språk og kulturar, seier Gustavsen.

LES OGSÅ:Praksis i grenseland

Som tilsett i eit selskap som arbeider med å handtere risiko, er det kanskje ikkje rart at han også trekkjer fram nokre farar ved å dukke opp med eit utanlandsk vitnemål.

– Ei utfordring, særleg med studentar som har teke heile grada i utlandet, er at studiestaden kan vere ukjend for oss og referansane kan vere vanskelege å kontrollere. I tillegg må arbeidstakaren passe inn i eit norsk arbeidsmiljø. Dermed går vi kanskje nokre ekstra rundar i slike tilfeller, seier HR-konsulenten.

Bidra til utvikling
Sogn og Fjordane fylkeskommune tilset folk i ei rekkje ulike område, frå vidaregåande skule og tannhelsetenesta, til offentleg transport og næringsutvikling. Jan Erik Weinbach, som er rådgjevar i fylkeskommunen, meiner nye perspektiv bidreg til utvikling.

– Ein bør reise ut og vekk, skaffe seg nye erfaringar og perspektiv, og så komme heim att, seier Weinbach.

Her kan du lese meir om studier og jobb i utlandet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE