Med sjukehusstrid i bagasjen

Kva har gravide kvinner i Sogn og Fjordane og eit skotsk universitet til felles?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjukehusstrid i bagasjen

 

Studentar som tek heile grada i utlandet er mest truande til å finne jobb utanfor Noreg. Medan atten prosent av desse arbeider i utlandet etter studiane, gjer berre to prosent av studentar som har teke heile grada i Noreg det same. Men det å studere utanlands treng ikkje å vere det same som å seie farvel til gamle trakter.

Då Josie Hamper (23) byrja på si grad i Skottland pakka ho sjukehusstriden i Sogn og Fjordane med i kofferten.

Fleksibel og spanande utdanning
For fire år sidan stod Josie i den for mange velkjende studieuvissa. Ho valde å følgje lysta etter noko nytt og spanande.

– Utdanningssystemet i Skottland er litt spesielt. Det er veldig fleksibelt og eg fekk prøve ut fleire andre fag i tillegg til hovudfaget mitt, seier geografistudenten.

LES OGSÅ: Rekordmange studerer utanlands

Etter å ha fullført ein fireårig grad ved St. Andrews University i Skottland, har ho i haust byrja på ei mastergrad i helsegeografi ved Queen Mary, University of London.

– Det er veldig praktisk å kombinere studietida med å bu interessante plassar, meiner ho.

Josie, som har røter i Storbritannia, ser føre seg at ho i framtida skal jobbe med folkehelse. Men ikkje heilt endå.

– Eg har ein liten plan om å ta doktorgrad etter masteren. Kvar eg skal ta den kjem an på kvar eg får stilling. Eg kunne godt tenkje meg å studere vidare i Noreg, Sverige eller Danmark, fortel ho.

Sjølv om planane ikkje er konkrete, er det tydeleg at dei er gjennomtenkte.

– Det hadde vore spanande å jobbe med diverse prosjekt i utviklingsland. Eg kunne godt tenkje meg å jobbe som forskar i Verdens helseorganisasjon!

Mindreverdig
Studentar som har teke heile grada si i utlandet bruker lenger tid enn studentar med norske grader på å komme seg i jobb. Josie har merka at folk ser annleis på utanlandsk enn norsk utdanning.

– Nokre ser på utdanning frå utlandet som mindreverdig samanlikna med utdanning i Noreg. Den oppfatninga har eg faktisk opplevd ein del, diverre, fortel ho.

Sjølv ser ho mange fordelar ved å ta utdanning i utlandet.

– Ein får internasjonale perspektiv som ein kan ta med inn i arbeidet. I tillegg er fleksibiliteten stor på både bachelor- og masternivå og ein får moglegheit til å skreddarsy si eiga utdanning. Ein annan fordel er at ein kan arbeide trygt på eit anna språk, meiner Josie.

LES OGSÅ:Til sjansane me tok og minna vi fekk

Å spørje dei det gjeld
Tilbake til kva gravide kvinner i Sogn og Fjordane har å gjere med skotske universitet.Trass i at Josie vende nasen utover då ho skulle studere, slapp ho ikkje taket i heimstaden.

Ein sommardag i juli er Josie heime på ferie, på Haugland i Sogn og Fjordane. Oppgåva ved St. Andrews er levert og graden i Skottland er fullført. Fuglehunden Ben er nøgd med å ha den reiseglade studenten heime for ein gongs skuld, og kan nesten ikkje halde seg unna lenge nok til at Josie får fortalt den litt spesielle oppgåva si.

– Det er merkeleg eigentleg. Sjukehussentraliseringa er heftig debattert, men veldig lite forsking er gjort på området, seier studenten.

I Sogn og Fjordane kranglar politikarar, jordmødrer og innbyggjarar over fødestover som leggast ned. Fødande må i somme tilfelle reise i over fire timar for å komme til nærmaste fødeavdeling og trugslar, sjikane og søksmål har i somme tilfelle prega nyheitsbildet.

Den 23-årige geografistudenten bestemte seg for å spasere rett inn i sjukehusstriden og spørje kva kvinnene tykte.

– Eg intervjua mødrer og jordmødrer. Då somme av dei påpeika at eg var den første som hadde spurd kva dei meinte, vart eg overraska, fortel Josie.

Saknar omsorg og oppfølging
Josie ville finne ut kva avstand til fødestad har å seie for å gravide si oppleving av fødselen. Funna ho gjorde var ikkje eintydige, men nokre tendensar såg ho.

– Kvinnene har motstridande kjensler til dei små fødeavdelingane. Dei saknar omsorga og kontinuiteten desse mindre stadane kan gi, men dei vil samstundes ha den medisinske og teknologiske tryggleiken sentraliserte fødeavdelingar tilbyr.

Den klåraste tendensen fann studenten i tida etter fødselen.

– Det viktigaste funnet var kanskje saknet etter god og kontinuerleg oppfølging etter at mødrene har reist frå sjukehuset, fortel ho.

LES OGSÅ:Uroa over dyre utanlandsgrader

Josie understrekar at hennar undersøkingar ikkje er omfattande nok til å konkludere. Ho håpar andre vil forske vidare på feltet.

– Ein bør gå djupare inn i oppfølging av kvinnene etter at dei har reist heim, meiner ho.

– På grunn av større avstand til fødestaden treng vi nye framgangsmåtar for å sikre omsorg, oppfølging og kontinuitet. Hovudfokuset bør liggje på korleis vordande mødrer sjølv kan ta dei best informerte vala og få best mogleg omsorg.

Relevant og oversett
Sjølv om Josie har pakka ned sjukehusstrida i Sogn og Fjordane for å fokusere på helsegeografi i London, kunne ho absolutt tenkje seg å arbeide vidare med tematikken.

Fødsel og fødselsomsorg er eit veldig spanande tema. Eg vil gjerne utforske andre område innanfor helse i laupet av det komande året. Men akkurat no kunne eg godt tenkt meg å jobbe innanfor fødselsomsorg – moglegvis også i utviklingsland. Det er eit veldig relevant og noko oversett tema.

Les meir om utveksling her!