I løpet av 2040 vil ingen ha behov for førarkort.

mm

Tysdag køyrde guvernør Jerry Brown med ein førarlaus Toyota Prius til hovudkvarteret til Google. Målet med turen: å signera ei ny lov slik at alle kan køyra førarlause bilar i California.

– I dag ser me på science fiction som blir morgondagens røyndom, sa guvernøren, ifølgje SFGate.

– Bilar som køyrer sjølv kan verkeleg forbetre livet til folk, sa Google-grunnleggjar Sergei Brin på tilstellinga.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Køyrt 500.000 kilometer
Dei førarlause Google-bilane har allereie køyrt kring 500.000 kilometer på amerikanske vegar. Dei siste 80.000 kilometrane utan at nokon som sat på i bilen måtte gripa inn for å hindra uhell.

Nevada godkjente bruk av førarlause bilar i fjor, og Florida gjorde det same tidlegare i år.

LES OGSÅ: Køyr bil med hjernekraft

Utan førarkort
Ifølgje teknologinettstaden Wired, vil ingen ha behov for førarkort i 2040. Då ville alle bilar kunne køyra sjølv. Det vil heller ikkje vera behov for lyskryss, fordi bilane vil kunne tilpassa farten til kvarandre slik at dei automatisk slepp å kollidera.

Kvart år blir kring 1,3 millionar menneske drepne i trafikken verda over. Verdas helseorganisasjon meiner talet vil stiga til 2,3 millionar i 2030. Dei aller fleste av dødsulukkene skuldast menneskelege feil. Men strenge krav til tryggleiken for førarlause bilar, kan ein hindra mange av ulukkene.

Fleire bilprodusentar jobbar òg med teknologiar som utnyttar vegane betre. Ifølgje Sebastian Thrun, leiar for Stanford Artificial Intelligence Lab, kan kapasiteten til vegane aukast med to eller tre gonger så mykje trafikk.

LES OGSÅ:– Menn bør ikkje få førarkort før dei er 23 år

Direktør ved Trygg Trafikk, Kari Sandberg, sa til Framtida.no i fjor at det er sannsynleg at førarlause køyretøy kan bli brukte som del av kollektivnettet.

– Det er nok veldig sannsynleg at ein får trasear i byar og tettstader for førarlause køyretøy, seier ho.

I København er lokaltoga allereie utan togførar.

LES OGSÅ: Grønare med førarlause bilar

Startar masseproduksjon
Wired viser til at teknologi-organisasjonen IEEE meiner at førarlause bilar er den mest lovande forma for intelligent transport. Gruppa hevdar at bilar som køyrer sjølv biler kan utgjera så mykje som 75 prosent av alle bilar i 2040.

Bilprodusenten GM meiner dei vil kunne starta masseproduksjon av sjølvkøyrande Cadillac’ar innan 2015, ifølgje Wired.

Gler du deg til å sleppa å køyra bilen din sjølv?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

Kommentarar

ANNONSE