Unge ambassadørar for gamle mattradisjonar
Gjennom Norsk Smaksskule skal born og unge lære om norsk matkultur og utvikle eigne smaksløkar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil utdanne unge smaksløkar
– Spekemat rett på fjøla med seterrømme til, då har du ein blid Valdvik, ler Tor Valdvik.
Den nytilsette prosjektleiaren i Norsk Smaksskule veit kva som er eigen favoritt blant norsk tradisjonsmat.
Når stiftinga Norsk Kulturarv, meisterkokken Arne Brimi og andre fagpersonar no er i gang med å utvikle pilotprosjektet for smaksskulen, er det med formål å fremje nettopp reine, norske råvarer, norske matrettar og landbruk blant born og unge i grunnskulen. Borna skal bli kjende med lokale ressursar og få utvikla smakspreferansane sine.
– Norsk Kulturarv hadde eit ønskje om å jobbe meir med mat og matkultur og å sjå på det som ein del av norsk kulturarv, fortel Valdvik
– Vi synest dette er veldig viktig, både i norske hushald og på den politiske agendaen, på kommune-, fylkes- og riksnivå.
LES OGSÅ: Nettstafett for tradisjonsmat
Bruker suksessmodell
Stiftinga har tidlegare hatt stor suksess med prosjektet «Rydd eit kulturminne», som har kombinert praktisk arbeid med kunnskap om kulturarven i nærmiljøet. Grunnskuleelevar har rydda over 1.000 kulturminne, og prosjektet fekk både Europa Nostras kulturvernpris og EU– kommisjonens Grand Prix Award i 2012. Stiftinga bruker erfaringane frå «Rydd eit kulturminne» når Norsk Smaksskule no blir sett i verk.
– Etter modell frå « Rydd eit kulturminne» bruker vi unge som ambassadørar og haldningsbyggjarar. Det har vore eitt av suksesskriteria for kulturminne-prosjektet, at dei unge er ambassadørar for foreldra, ikkje omvendt, fortel Valdvik.
LES OGSÅ: Denne maten gjer deg glad
Opptekne av folkehelse
I prosjektet, som no er under utarbeiding, skal ein kurse lærarar om norske råvarer og det å setje saman eit måltid. Lærarane skal så ta kunnskapen med seg inn i skulen. Ifølgje Valdvik får ikkje elevane utvikla berre smaksløkane, men og fleire andre ferdigheiter.
– Mat er kultur, samfunnsfag, historie, matematikk. Ein kan setje det i samanheng med fleire fag, lese- og skriveferdigheiter og andre grunnleggjande ferdigheiter, seier Valdvik, som sjølv er utdanna og har arbeidd som lærar.
Valdvik fortel at dei gjennom prosjektet også vil lære elevane om samanhengen mellom det vi puttar i oss og helsa vår.
– I Noreg er det mange som et feil, og mange har ikkje struktur på når dei tar inn måltid. Når ein går i butikken ser ein etter to ting, at det skal vere raskt og billig, seier prosjektleiaren.
– Vi er bevisste på å få inn folkehelseperspektivet og drive haldningsskapande arbeid om næringsinnhald, kva ulik mat og råvarer gjer med kroppen, seier han, og fortel at dei no held på med å knyte til seg fagpersonar på området.
LES OGSÅ: – For lite innmat i nye kokebøker
Vil ha med fleire kommunar
Etter planen skal pilotprosjektet kome i gang i 10– 15 kommunar neste haust, men ein ser føre seg at fleire kommunar skal bli med i prosjektet etter kvart.
– Vi ser for oss at prosjektet kan gå i mange, mange år framover, då er det naturleg å få inn fleire kommunar som er verkeleg interesserte i å vere med på det her, seier Valdvik.
Norsk Kulturarv har førebels fått 1,5 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB NOR til prosjektet og 300.000 frå Landbruks- og matdepartementet, som skal gå både til vidareføring av «Rydd eit kulturminne» og utvikling av Norsk Smaksskule.
– No jobbar vi med å få med nye samarbeidspartnarar som deler visjonane våre, seier Tor Valdvik.
Faktaboks
Om Norsk Kulturarv
* Ideell stifting som har som formål å bidra til vern av kulturarven gjennom berekraftig bruk.
* Norsk Kulturarv har hovudkvarter i Vågå kommune og er oppretta av Oppland fylkeskommune.
* Har over 500 samarbeidsbedrifter og nærmare 100 samarbeidskommunar spreidde over heile Noreg. Rundt 2.000 personar har medlemskap.
* Deler mellom anna ut kvalitetsmerket Olavsrosa til opplevingstilbod av særleg høg standard, med omsyn både til norsk kulturhistorie og formidling. (©NPK)