Dyrevelferd har blitt eit viktig forbrukarspørsmål, men på fredagens dyreetikkonferanse i Oslo var det likevel nokre som synest det var viktigare enn andre.

Konferansen samla fleire ulike deltakarar og tilhøyrarar i ein debatt rundt temaet "dyret bak maten og mennesket bak forbrukaren". 

Dei mange tilhøyrarane i salen vart vitne til at både bønder og mjølkeprodusentar, veterinærar, dyrevernarar, politikarar, matskribentar, akademikarar og byråkratar prøvde argumenta sine mot kvarandre i plenumsdebatt.

LES OGSÅ: – Bøndene bør bruka klimaendringane

Frå gard til gaffel
Johnny Ødegård, direktør i TINE, innleia tidleg med å spikre fast kor glade dei var for eit auka fokus på dyrevelferd.

– Vi er opptekne av dyrevelferd fordi forbrukarane forventar det, for at vi skal kome inn i hyllene, forklarte han, før han la til at han var på vitskapeleg tynn is om korvidt det er rett å ta bort kalvar frå mora med ein gong etter fødselen, slik som er vanleg praksis i den industrialiserte stordrifta:

– Nokre kyr har det vondt, andre ikkje. Det er snakk om eit kompromiss. Eg kan ikkje så mykje om kva som er rett tidspunkt for å ta bort kalvar frå mora, og eg er ikkje sikker på om sorgreaksjonen er forskjellig om ein tek vekk kalven tidleg eller seint, vedkjente han. 

– Men TINE tek dyrevelferd på alvor, forsikra direktøren.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Forbrukarmakt?
Det var delte meiningar i diskusjonspanelet om korvidt forbrukaren i gata hadde høve til å påverke landbruket til å bry seg meir om dyrevelferd.

Svein Flåtten frå Høgre, og Arild Hermstad frå miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, tala frå kvar si side av bordet for at det var opp til forbrukaren å ta etiske val som konsument, og dermed påverke politikarane til å gjere endringar.

Matskribent Yngve Ekern, som no er ute med boka Kjøttfrie dager saman med Hege Ulstein, drog fram scampi og palmeolje som to døme på at mannen i gata både kunne krevje og få gjennomslag for etiske krav.

– Ein må stille meir spørsmål ved maten. Også ved dyrevelferd. Kanskje vi kunne få til ei dyrevelferd-merking av mat, spurte Ekern, som sjølv i ei toårsperiode har kutta drastisk ned på kjøtforbruket til familia si.

LES OGSÅ: Ku-trim til 250 millionar

– På linje med skokrem og kålrot
Runar Døving, frå Statens institutt for forbruksforsking hevda det motsette av Ekern, og sa ein heller måtte rette skytsen mot toppnivået og politikarane for å få dei til å tvinge gjennom lovendringar, ikkje skubbe håpet og ansvaret over på grasrota.

– Forsking har vist at forbrukarane ikkje tek desse etiske vala når dei først står i butikken. Det er ikkje forbrukarane som bestemmer kva som skal vere i butikken. Der blir dyret ein ting på linje med skokrem og kålrot, meinte Døving.

– I butikken er det moralsk høgverdig å gjere eit godt kjøp, ikkje eit dyrevenleg eit, og er difor ikkje den rette arenaen for etiske val, held han fram.

Feil signal frå forbrukaren
Eit sentralt spørsmål på konferansens første del var korvidt vanlege forbrukarar ønskte seg eit anna, meir dyrevenleg og økologisk landbruk, og om folk flest har makt til å presse gjennom endringar av landbruk og regelverk – og om dei nyttar denne makta.

Grethe Fossli, tidlegare leiar for Rådet for dyreetikk innleia konferansen med å etterlyse at Forbrukarrådet, som ikkje stilte opp til debatt, kom meir på bana og engasjerte seg i slike forbrukarspørsmål.

– Ein bør ikkje setje søkjelyset på vatn i kjøtdeig eller billige matprisar, men dyr si velferd, understreka ho.

LES OGSÅ: Noreg investerer i enorme grisefarmar

Har trua på ungdomen
Bonde Geir Grosberg var usamd med Runar Døving i at forbrukaren ikkje har makt, men meinte at folk ikkje brukte den makta dei hadde på ein rett måte:

– Eliteforbrukarane gjer sine val, resten berre dansar med. Tidlegare var forbrukaren meir sjølvstendig. No har den jamne forbrukar veldig lite informasjon om maten dei kjøper i kjedebutikkane, meinte Grosberg, før han la til:

– Forbrukaren har ei makt, men bruker ikkje denne makta. Eg ønskar meg ein forbrukar som er krevjande, som stiller krav til meg og til alle som gjer ein jobb i verdikjeda. Men då må ein også kunne krevje at forbrukaren er bevisst når han legg varene i handlekorga.

Grosberg har trua på at ungdomen i framtida vil gjere betre val enn dagens generasjonar:

– Eg har trua på ungdomen. Dei har fått betre haldningar rundt det dei et, og er i ferd med å ta kjøkkenet attende. Det er slett ikkje dyrare enn å kjøpe ferdigmat. Dette handlar ikkje om matsnobberi, men fokus på matvarer, produksjonsmåtar og dyreetikk, avsluttar, Grosberg, som tidlegare har vore leiar av Norsk Bonde- og småbrukarlag.

LES OGSÅ: Uroa over kjøtkvalitet

Motarbeidd av bøndene i lang tid
Live Kleveland har arbeidd med dyrevern- og velferd i Dyrevernalliansen i mange år, og kjenner seg ikkje igjen i Grosbergs vilje til å lytting og endring:

– Landbruksorganisasjonane har lenge vore den største motstandaren vår, og motarbeidar ofte arbeidet vårt. Bondelaget kjempa i si tid mot krav om brannlanlegg i dyrehaldet. Norsvin sin kamp mot kravet om bedøving av gris ved kastrering, er eit anna døme. Nortura sin motvilje mot å betre behandlinga av gris på slakteri, er eit tredje døme, seier ho.

LES OGSÅ: – Jordbruket i ferd med å kollapsa

Eit etisk val
På konferansen var mange samde om at meir at vitskap om dyrevelferd var viktig, medan andre meinte at ein allereie hadde nok vitskapeleg grunnlag om dyr si atferd til å krevje umiddelbar endring av landbrukspraksisen og krevje auka dyrevelferd.

Live Kleveland var samd i at forsking var viktig, men la til at vitskapen ikkje kan svare på alle spørsmål:

– Forsking er viktig grunnlag. Men vitskap kan ikkje svare på alle etiske spørsmål. Dyrevernalliansen erfarar at politikarane manglar faktakunnskap og fråskriv seg ansvaret for å debattere etisk eller filosofisk. Dei baserer seg på kva veljarane ønsker, avslutta ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE