Heidra Berge for godt språk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heidra for godt språk

 

Kringkastingsprisen for godt språk og framifrå bruk av nynorsk eller dialekt i radio eller fjernsyn blei tildelt Knut Magnus Berge i NRK Nyhende.

Juryen skriv i grunngjevinga at Berge har utmerkt seg med eit tydeleg, men levande språk som folk forstår både skriftleg og munnleg. Jamvel om vinnaren ikkje nyttar ei fullt ut normalisert tale i eteren, har fleire nominert han med den grunngjevinga at han brukar eit godt og konsekvent nynorsk. Juryen meiner han framstår som ein framifrå ambassadør for nynorsk som etermediespråk.

– Knut Magnus Berge kommuniserer godt og naturleg, og det er lett å følgje kommentarane hans, samstundes som han framstår med ei tyngde som sømmer seg sakene han kommenterer, seier Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen, under tildelinga av prisen. – Det er ei ære å gje prisen til ein som klarer å gå denne vanskelege balansegangen, held han fram.

– Det er ærefullt å motta kringkastingsprisen, seier Knut Magnus Berge.

– For meg handlar det om å formidla ein bodskap, held han fram

– Og eg tolkar det at eg får denne prisen som eit prov på at eg har klart å formidla bodskapen på ein god måte.