– Studielånet er underregulert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tøffare enn Luksusfellen

 TV3s luksusfelleprogramleiar, Hallgeir Kvadsheim, seier studielånet er 4500 kroner under det strammaste luksusfellebudsjettet.

– Berre ein av ti studentar kIarer seg med berre studielån. I Luksusfellen ville ein aldri sett opp eit så stramt budsjett som studentane har, seier programleiaren og økonomen.

Stramme rammer
– Kva er det strammaste budsjettet i Luksusfellen?

– Når vi i Luksusfellen set opp eit budsjett, gjer vi det med tanke på at det skal halde i tre til fem år. Det skal vere stramt, men det skal halde i nokre år, så ein ikkje sprekk. Vi går aldri under SIFOs budsjett for «normalforbruk», seier Kvadsheim.

SIFOs, Statens institutt for forbruksforskning sitt budsjett viser alminnelege forbruksutgifter for ulike typar hushald.

– Du reknar ut at studentar har 9000 kroner i månaden, medan SIFOs budsjett ligg på cirka 12 000 kroner i månaden?

– Ja, pluss at SIFO ikkje reknar med straum i budsjettet sitt, noko alle studentar har i tillegg til bustadutgiftene sine. Det vi har gjort er at vi har rekna med at frå dei 9000 kr, så skal 4500 kroner brukast i husleige, seier Kvadsheim.

– Tøft økonomisk
– Studentar har høve til å leve billegare, fordi det på mange måtar er ein livsstil i ein avgrensa periode og samstundes ei investering til framtida. I og med at ein kjem til å ha det litt betre når ein kjem ut i jobb. Likevel er skilnaden på det å ha 3000 kroner mindre i forbruk i månaden ganske stort. Studiestønaden generelt sett har vorte underregulert dei siste åra, for ikkje å snakke om husleiga, som har vakse enormt dei siste åra, seier Kvadsheim.

Studentar må tene 65.000 kroner før skatt ved sida av studielånet for å kunne rekkje opp til forbruket i det strammaste luksusfellebudsjettet, meiner økonomen.

Det inneber å tene minst 5500 kroner i månaden ved sida av studielånet.

– Studentar i dag har det tøft økonomisk, seier Kvadsheim.

– Det er faktisk nesten heilt umogleg å overleve på studielånet.

Underregulert studielån
– Har du gjort deg opp nokre meiningar om kor mykje stønad studentar burde fått?

– Eg synest det burde auke litt, men dette blir eit politisk spørsmål. Men eg synest studielånet er underregulert, og det burde bli teke høgd for at leigekostnadane har auka såpass mykje.

Men Kvadsheim synest ikkje stipendet skal gå etter SIFO satsane sine, då studentar har studierabattar og mange fordelar. Han meiner vi må hugse at det trass alt gjeld ein avgrensa tidsperiode.

– Stipendet burde liggje ein plass mellom noverande forbruk og finansiering, og SIFO sit forbruksbudsjett, legg han til.

Studentane sine luksusfeller
– Har du nokre lure triks for å overleve eit fattig studentliv?

– Det er jo ofte slik som mange seier i Luksusfellen òg: Står ein med andletet mot Deli di Luca og ryggen til Rema 1000, vel ein som regel Deli di Luca fordi det tek kortare tid. Det burde kanskje stått «forbode for studentar» fordi det er så mykje dyrare der. Men ellers er det eit tips å ikkje gå på bustadjakt i juli og august, då alle andre gjer det.

– Eg hadde det ganske greitt som student. Det var ikkje akkurat sju dagar i veka med nudlar. På sommaren jobba eg i to månader og det var nok til å overleve utan å måtte jobbe parallelt med studia. Det var mykje lågare husleige då eg var student.

LES SAKA I UNIVERSITAS!