Har betre haldningar enn kunnskapar

Både i Noreg og Sverige er unge alt for dårlege i matematikk. Haldningane til faget, er derimot positive.

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har gode matte-haldningar

Sidan 1984 har Norsk matematikkråd målt ferske studentar sine forkunnskapar i matematikk. Testen seier noko om basiskunnskapar og -dugleikar som ein skal lære seg i løpet av grunnskulen, men òg noko om haldninga og interessa til faget.

Samanliknar ein resultata for nesten 30 år sidan med dagens kunnskapar, teiknar det seg ein klar nedgang på kunnskap- og dugleikssida. Haldningane står det derimot ikkje like dårleg til med.

Uroa for manglande forkunnskapar
I rapporten for 2011/12, er Matematikkrådet særskild kritiske til matematikkdugleikane til dei som skal bli framtidas mattelærarar:

– Mange studentar vil kunne oppleve å streve med matematikkfaget i studiane sine på grunn av svake forkunnskapar. Matematikkrådet er mellom anna uroa for nivået på forkunnskapane hos dei studentane som skal bli lærarar på barnetrinnet i grunnskulen, heiter det i rapporten frå Matematikkrådet.

Les også: Nesten tre av ti har høgare utdanning

Betre haldningar enn kunnskapar
Samstundes viser ei spørjeundersøking som Matematikkrådet har gjennomført at 75% av dei spurte likar matematikk, og at enda fleire enn det igjen meiner faget er viktig. Lite overraskande var det kanskje at det var dei som svarte mest positivt på haldningsundersøkjinga som også gjorde det best på testen. Likevel er det er det altså slik at heile 93% av dei som skulle bli lærarar, og som manglar grunnleggjande dugleikar, var samde i påstanden «Eg arbeider med matematikk fordi eg likar det». Dei som skulle blir lærarar på trinn 1-7 svarte berre rett på 1/3 oppgåver på den 40 minutt lange testen.

Liknande undersøkingar frå Sverige støttar inntrykket av at flesteparten av elevar er positivt innstilt til matematikkfaget. Aust for riksgrensa svarte 83 prosent at dei vurderte matematikk som ganske eller veldig viktig for landets næringsliv og konkurransekraft. 59 prosent svarte jamvel at dei kunne tenke seg å utdanne seg til eit yrke der matematikk var viktig.

Dei positive haldningane til faget samsvarte likevel ikkje med dei faktiske kunnskapane til dei svenske elevane, som berre har blitt dårlegare og dårlegare i matte, noko som tidlegare i år fekk den svenske regjeringa til å bruke 2,6 milliardar svenske kroner på tiltak for å betre situasjonen.

Les også: Her har dei studert i over 1000 år!

Foreslår endringar i opptakskrava
Også den norske regjeringa har sett varsellampane lyse:

– I matematikk er ikkje nivået blant elevane så bra som vi skulle ynskje. Kunnskapsnivået i matematikk er òg for lavt hos den jamne matematikklæraren, seier utdanningspolitikar i Arbeidarpartiet, Marianne Aasen til VG.

Det same vert ofte sagt når det gjeld nynorskkunnskapar både hos elevar og lærarar. Men i motsetnad til i nynorsk som sidemålsfag, har matematikk ikkje eit omdømeproblem i like stor grad, sjølv om dugleikane kanskje er like låge jamt over.

I samband med merksemda dei dårlege resultata i Noreg har fått, går Arbeidarpartiet ut og foreslår endringar. Dei vil både ha opptaksintervju og høgare karakterkrav i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga.

– Dei som har dei svakaste karakterane i norsk og matte, bør gå forkurs slik at vi hevar dei til det nivået som tilsvarar ein 4-ar, uttalar Trond Giske til NRK, og forklarar at dette først er mogleg å gjere no, fordi ein tidlegare har hatt for få søkjarar til lærarutdanninga.

Les også: Foreldre er viktige for rekrutteringa til realfagsstudiar

Lagar mattebok berre for dei sterkaste elevane
Når diskusjonen går om korleis å heve matematikkunnskapane, er det alltid ulike vinklingar inn mot temaet. Skage Hansen, lærar på Engebråten skule i Oslo, bidreg i eine enden av skalaen når han snart lanserar matematikkboka «Veien til 6-eren» på sitt eige forlag. Han tek sikte på å auke kunnskapane – til dei som allereie kan meir enn gjennomsnittet.

– Det blir ei lærebok for dei flinkaste. Målet er at elevane skal bli verkeleg flinke, ikkje berre middels flinke, i matematikk. Boka kunne gjerne heitt «Veien til 8-eren», uttalar han til Teknisk ukeblad.

Korleis det blir med dei svakaste elevane, står att å sjå. Haldningane til faget er det tydelegvis ikkje like mykje i vegen med.