Noregs Mållag rasar mot forslaga til programkomiteen til Høgre om å la sidemål vera frivillig både for byråkratar og skuleelevar.

mm

 

– Mållova og sidemålsopplæringa er to berebjelkar for norsk språk generelt, og for jamstillinga mellom nynorsk og bokmål spesielt. Når Høgre sitt framlegg til Stortingsvalprogram vil fjerne begge desse berebjelkane, er det eit alvorleg åtak på jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

I programutkastet til Høgre er det både framlegg om å fjerne sidemålsopplæringa i ungdomsskulen og vidaregåande skule, og dei går inn for ei kraftig svekking av mållova.

LES OGSÅ: – Startar for seint med nynorsk

– Det er oppsiktsvekkjande at Høgre vil svekkje norsk språk i offentleg forvaltning, fjerne nynorskbrukarane sine språklege rettar og gjere nynorsken mindre synleg i ålmenta, seier Håvard B. Øvregård

Staten Noreg har eit offisielt ansvar for begge dei to jamstilte norske skriftspråka bokmål og nynorsk. Ein del av dette ansvaret er at begge skriftspråka skal vere ein naturleg del av statsforvaltninga. Framlegget frå programnemnda til Høgre seier at dei ikkje er viljuge til å ta det ansvaret.

– Skal nynorsk og bokmål kunne nyttast på alle samfunnsområde, må både fleirtalspråkbrukarar og mindretalspråkbrukarar meistre begge språka. Ei svekking av sidemålsordninga i skulen er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Ei svekking av forventninga til statleg tilsette om å meistre begge språka er også ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar.

Mållova er eit praktisk verktøy for å handtere to skriftspråk i Noreg.

LES OGSÅ: Betre i matte med nynorsk?

Lova gjev alle innbyggjarar i landet rett til å sjå språket sitt att i den statlege informasjonen. Staten skal tene alle innbyggjarar i landet, og det er ikkje personlege preferansar hjå dei tilsette i staten som skal bestemme korleis Staten utrykkjer seg.

– Høgre burde vere oppteke av å sikre den enkelte innbyggjar språkleg fridom og rettar. Det er trist om eit parti som tradisjonelt har vore oppteke av kunnskap og språkmedvit, skal verte den største trusselen mot norsk språk, seier Håvard B. Øvregård.

Han er glad for at det no kjem eit opprør i partiet. Mellom dei som har gått ut mot programkomiteen sitt framlegg er sentralstyremedlem Arne Hjeltnes, ordførar i Stord kommune og leiar i Hordaland Høgre Liv Kari Eskeland, ordførar i Aurland Noralv Distad, ordførar i Haram kommune Bjørn Sandnes, ordførar i Førde kommune Olve Grotle, og varaordførar i Volda kommune Eivind Nævdal-Bolstad.

LES MEIR: Mobiliserer mot endring av mållova

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

ANNONSE