Bringebær er mykje av grunnen til at Sogn og Fjordane har vorte det største frukt- og bærfylket i landet.

NPK
NPK

Hordaland har tradisjonelt vore eit langt større frukt- og bærfylke enn Sogn og Fjordane, men sidan 2010 har det endra seg, fortel Firda.

Hordaland framleis det største fruktfylket
Hordaland er framleis det største fruktfylket, men når bærproduksjonen blir rekna med, går Sogn og Fjordane forbi. Dette kjem særleg av stigande omsetnad av bringebær, morellar og jordbær.

– Svært mykje av forklaringa ligg i satsinga på bringebær i Sogn og Fjordane. Bransjen hadde aldri opplevd slike tal utan den eksplosive auken i levering til konsum, hovudsakleg gjennom Bama-systemet, seier Stein Harald Hjeltnes i Njøs Næringsutvikling AS til Bergens Tidende.

Les meir: Denne maten gjer deg glad

Passerar hundre millionar
Han har rekna ut omsetninga i dei to fylka ut ifrå tal frå 2010, som er dei nyaste tala som er tilgjengelege frå Norsk Landbruksforvaltning.

I 2010 selde frukt- og bærdyrkarane i Sogn og Fjordane for 74 millionar kroner, talet for Hordaland er 61 millionar, skriv Firda. Hjeltnes spår at omsetnaden kjem til å passere 100 millionar kroner i Sogn og Fjordane i 2012

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE