– Ivar Aasen-feltet er eit godt namn

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ivar Aasen-feltet er eit godt namn

– Nynorsk er grunnfesta til det norske folkestyret og det moderne samfunnet. Vi gratulerer olje- og energiminister Ola Borten Moe med eit godt og symboltungt namneval, og det passar godt å plassere Johan Sverdrup og Ivar Aasen ved sida av kvarandre ute i Nordsjøen. Det seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum som ein kommentar til at eitt av dei nye oljefelta på norsk sokkel i Nordsjøen skal heite Ivar Aasen-feltet. 

Det er oljeselskapet Det Norske som skal drive Ivar Aasen-feltet, som ligg like ved Johan Sverdrup-feltet.

– Liksom bokmål bør nynorsk kunne brukast når som helst og kor som helst. No vonar vi tida er inne for å ta nynorsk i bruk ute på sokkelen, seier Grepstad.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen? Prøv deg på quizen vår!

Språkpolitisk dristig
Regjeringa Stoltenberg la hausten 2011 om praksis for namngiving av olje- og gassfelt. No skal felta kallast opp etter sentrale personar i norsk politisk og kulturhistorie. Tidlegare er felt kalla opp etter Johan Sverdrup og Edvard Grieg.

– I 1885 vedtok Stortinget å jamstille dansk-norsk og landsmål. Med det fekk Noreg to offisielle språk. Den tanken var like dristig som det i 1960-åra var å leite etter olje og gass på norsk sokkel, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Noreg har verdas billegaste bensin

Nynorsk i oljeverksemda
Grunnlaget for det nynorske skriftspråket var talemål landet rundt. Ivar Aasen bygde særleg mykje på talemåla i bygdene. Direktøren i Nynorsk kultursentrum peikar på at nynorsken ikkje er blitt verande berre i bygdene. Vestlandet fekk på 1900-talet mange einsidige industristader der nynorsk heile tida rådde grunnen, ei bedrift som Sør-Al i Sunnhordland bruker nynorsk i verksemda si, og hausten 2010 brukte Aker ASA «Nordmannen» av Ivar Aasen då dei skulle profilere verksemda si.

– Meir enn nokon andre har Kjartan Fløgstad på stilrikt nynorsk skildra og fortalt historiene om det norske industrisamfunnet. Med Ivar Aasen-feltet blir nynorsken knytt til norsk oljeverksemd i mange tiår, seier Ottar Grepstad.

– No får norsklærarane endå fleire inngangar til si undervisning i nynorsk både for nynorsk- og bokmålsbrukarar, legg han til.

LES OGSÅ: Kva vil oljeboomen gjera med oss?

Feirar 200 år
Til neste år blir Språkåret feira, og det er samstundes 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Sunnmøringen Ivar Aasen var ein av dei fremste demokratiske og nasjonale strategane i Noreg på 1800-talet. Han var diktar og språkforskar, men fyrst og fremst mannen som forma nynorsken tufta på folkeleg talemål.

Framveksten av norsk var ein del av den norske nasjonsbygginga, men også av den norske moderniseringa med utviklinga av folkestyret. Stortingsvedtaket i 1885 om å jamstille dansk-norsk og landsmål gav Noreg to offisielle skriftnormalar. Ein praksis som representerte ei radikal nytenking i 1885.

Olje- og energidepartementet varsla i petroleumsmeldinga ei endring av praksis for namnsetting av petroleumsfelt på norsk sokkel. Det vart mellom anna nedsett ei rådgjevande namnegruppe som består av Karsten Alnæs (leiar), Kristin Clemet, Per Egil Hegge og Marit Hauan.

– Namn på større sjølvstendige utbyggingar har ein signaleffekt utover sokkelen. I dette tilfellet er meininga at Ivar Aasen-funnet skal vitna og minna oss om at det norske folkestyret er tufta på språkleg mangfald, og at det språklege mangfaldet i norsk offentlegheit er eit kjennemerke ved demokratiet vårt gjennom lange tider, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Stoltenberg: – Naivt å tru at oljen vil redda oss

Mållaget er nøgde
Noregs Mållag er også nøgde med namn på oljefelt.

– Dette var eit godt val av Olje- og energidepartementet, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Aasen sette varige spor etter seg, og det er flott at han blir heidra på denne måten. Neste år er det 200 år sidan Aasen vart fødd, og det er utgangspunktet for å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår. Når no Olje- og energidepartementet har valt å kalle feltet opp etter Aasen, som må sjåast på som eit lite vink til feiringa neste år. Det er me veldig glade for, seier Øvregård.

Namnet vert fastsett etter framlegg frå operatøren Det norske oljeselskap ASA.

– Samstundes vil vi rose operatøren Det norske som kom med framlegget til namnet. Også oljenæringa forstår at Ivar Aasen er ei god merkevare å knyte seg til, seier Øvregård.

Faktaboks

Det norske skal vera operatør for Ivar Aasen-feltet. Dei eig 35 prosent av feltet, som også omfattar dei mindre felta Hanz og West Cable. Partnarar er Statoil (50 prosent) og Bayerngas (15 prosent).

Partnarskapet i Ivar Aasen har forhandla fram ein avtale med Grieg om ei koordinert ubygging i området. Ivar Aasen-feltet blir bygd ut med ein ny jacket-plattform med førstetrinns separasjon.

Ivar Aasen kan gje Det norske ein produksjon på rundt 18.000 fat fra fjerde kvartal 2016 og 25.000 fat på toppen fjerde kvartal 2018.

Utbygginga er venta å kosta kring 20 milliardar kroner.