Stoltenberg: Naivt å tru at oljen vil redde oss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Oljen vil ikkje redde oss

– Eg søv godt om natta, fordi vi har teke vare på moglegheitene vi har hatt. Vi har vist ansvarleg pengebruk i gode tider og sett av pengar til vanskelege tider. Det er det som er problemet for mange land i Europa no. Dei har bruka for mykje pengar og har ikkje pengar å setje inn når problema dukkar opp, seier Jens Stoltenberg i eit intervju med VG.

Han ynskjer ikkje å svartmåle situasjonen, men innrømmer at det som skjer no er urovekkjande.

– Eg er bekymra for at eurolanda ikkje lukkast. Då risikerer vi at millionar av menneske vil miste jobbane og folk risikerer å tape sparepengane sine. Det vil gje oss ein uoversiktleg situasjon. Difor prøver også eurolanda å unngå at euroen ryk. Men vi kan ikkje vere sikre på at dei lukkast, seier statsministeren.

Stoltenberg forsikrar at regjeringa er klar til å setje inn tiltak for å unngå at Noreg blir ramma.

– Vi kan handle raskt. Vi har beredskap og følgjer med. Men vi er ikkje i ein situasjon der eg vil varsle kva tiltak no, seier han.

Samstundes åtvarar Stoltenberg folk mot å tru at norsk olje er ein garanti mot krise.

– På 90-talet opplevde Noreg bankkrise, gjeldskrise og høg arbeidsløyse. Og vi hadde oljeinntekter. Det er naivt å tru at oljeinntektene alltid vil redde oss, seier Stoltenberg til VG. (©NPK)