Kven får gå?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i at rettssaka er ferdig, er vi slettest ikkje ferdig med dette med ansvar. Avisoverskriftene er fulle over spørsmåla: Kven må trekke seg? Kven får sparken? Kven må vurdere si stilling? Kven skal ut? Det kan gjelde politifolk, politikarar, statsministeren, byråkratar eller leiaren for den rettsmedisinske kommisjon. Kven kvifor alt dette maset? Kvifor kan vi ikkje berre halde munnen lukka og roa oss?

Alle er jo samd om kven sin feil heile tragedien er: Han er jo fått sin dom gjennom rettssystemet, og han vart dømd skuldig. Skulda har han. Desse andre, alle desse som vert oppfordra til å trekke seg, ta sin hatt og gå, vurdere si stilling, dei har ikkje skuld. Likevel har dei liksom ansvar, eit ansvar dei må handtere ved å fjerne seg. Tre av.

At dei har ansvar tyder likevel ikkje at dei må ha gjort noko feil. Det er vel ingen som meiner Jens Stoltenberg har gjort feil, og knapt er det vel nokon som har ytra at nokon kunne gjort jobben hans betre enn han, på ein måte som kunne avverja tragedien. Likevel har framtredande politiske kommentatorar argumentert for at han bør trekke seg (Aslak Bonde i Morgonbladet eller Kyrre Nakkim i NRK er berre to av mange).

Men kva for logikk er eigentleg dette? At nokon berre skal stikke seg vekk, ikkje fordi dei har gjort forferdelige feil, men fordi nokon andre har gjort noko forferdelig?

Det er sjølvsagt ikkje berre i Noreg at nokon må ta ansvar der dei ikkje har skuld. Eg mistenkjer likevel at «ansvarsretorikken» i landet vårt minner mykje om «ansvarsretorikk» i land vi ikkje vil samanlikne oss med.

For når folk (les framgangsrike mediekommentatorar som vil male eiga kake og selje aviser) krev avgangen til Stoltenberg, så verkar det først og fremst som eit spørsmål om ære.

Det er for å oppretthalde æra at nokon må trekke seg, forsvinne for ei tid. Der det i enkelte land kan vere familien si ære, er det i Noreg partiet eller institusjonen si ære som må reddast gjennom at nokon forsvinn, for ei stund. For forsvinn nokon, så forsvinn som regel kritikken. Og alle i det politiske Noreg veit at all PR ikkje er god PR. Når kritikken stormar som verst, må nokon forsvinne frå si stilling for at media skal halde litt kjeft, for ei stakka stund.

Men er det noko rettferd i dette systemet? Det er ofte offera sjølv som må bote når ære skal gjenopprettast. Om det eigentleg er dei som har skulda, er jo gjerne usikkert. Som offer er dei jo på sett og vis implisert i handlinga, for som vi veit vert det ingen overgrep utan offer. Og om ikkje offer har skuld, så har dei gjerne ansvar.

Dette er den same logikken som ein ofte ser når det vert snakk om valdtekt. Om alle er samde om at skulda er valdtektsmannen (eller kvinna) si, så vert det like ofte påpeika at offera, og potensielle offer, betre burde ta ansvar for seg sjølv. I dette ligg det gjerne at dei kunne har gjort noko annleis, utan at det er klart at dei har gjort noko direkte feil. Stoltenberg kunne jo ha gjort noko annleis, og jenta kunne jo hatt på seg fleire klede, ikkje drukke så mykje alkohol, eller latt vere å gå på fest i det heile. Så klart ein kan det, men kvifor skal ein? Bak denne retorikken ligg eit premiss om at nokre ofre er meir ærbare enn andre: Jo mindre ansvar ein har, jo mindre ære har ein å gjenopprette. Og dette bilete av kven som er ærbar og kven som har ansvar, dette bilete blir alltid laga av nokon med makt til å danne inntrykk av folk.

I Japan har dei ei av verdas høgaste sjølvmordstatistikkar. I 2009 døydde omlag 30.000 japanarar for eiga hand, og svært mange av dei er unge menn eller kvinner som føler dei har feila i i livet, og ofte òg arbeidslivet: Sjølvmord er den vanlegaste dødsårsaka for menn mellom 20-44 og kvinner mellom 15-35. Depresjon, livsvanskar og plutseleg arbeidsløyse er mellom hovudgrunnane forskarane har isolert for fleirtalet av dei som vel å døy.

Men i Japan har dei òg ein kultur med eit tolerant syn på sjølvmord: Å ta livet av seg blir ofte sett på som eit uttrykk for sosialt ansvar. For samuraiane og kamikaze-pilotane var det meir ærbart å døy enn å bli slått. For businessmenn er det ofte meir ærbart å døy, enn å forgå i fattigdom og leve med skamma. Vi bør vakte oss vel for ikkje å skape ein liknande kultur i Noreg, der vi er så ute etter å ta folk på feil dei kan ha gjort, og presse folk på ansvar dei ikkje kan leve med, at vi skapar eit press i kulturen som ikkje er til å leve med.

For kvifor finst det meir ære i å forsvinne, enn i å streve vidare?

I norsk politisk kontekst er det som regel snakk om å ta ansvar ved å trekke seg frå si stilling, og ikkje ved å ta sitt eige liv. Men det har hendt òg i Noreg, at nokon har gjort feil som har blitt medieskandalar, så folk ikkje orka meir, og forsvann, ikkje berre får jobben med frå alt anna. Det er berre djupt tragisk.

Det er ikkje lett å ha gjort feil: Det er ikkje lett å få ansvar for forferdelige tragediar. Ofte er det jo berre filleting ein kanskje har gløymd, som plutseleg synte seg å vere viktige. Å stenge grubbegata til dømes. Alle var i mot. Korleis kunne ein stakkars statsminister vite at nett det skulle vise seg å vere ein stor feil å la vere?

Eg blir litt uvel når ein gjeng av mediekommentatorar med påteke alvor krev avgangen til den eine etter den andre. Sjølv sit dei trygt i sine stillingar der dei kan peike på folk i hytt og ver, dele ut sine refleksjonar om skuld og ansvar utan at det nokon gong får konsekvensar for dei sjølv: Ingen konfronterer mediekommentatorane med feil dei kan ha gjort i fortida.

Likevel trur eg ikkje det er så dumt av og til, å snakke dei litt etter munnen, å gje opp si stilling: Ikkje fordi ein har ansvar eller på den måten tek ansvar, og ikkje fordi dei har rett, men fordi det faktisk er den einaste måten å sleppe alt styret på. Og kor viktig er ein jobb uansett? Det finnest så mykje anna her i verda å leve og ande for: Familie, venner, kunst, natur!

Og det er sjeldan snakk om den totale arbeidsløysa for politikarar som trekker seg. Kven er det no som hugsar at Grete Faremo var syndebukk i skandalen med ulovleg overvaking av mellom anna Berge Furre? Få. Media har heldigvis kort minne: Dei er mest oppteken av det som skjer nett no, og i morgon, og korleis i all verda dei anten kan føresjå eller skape dei situasjonane som sel mest aviser, og mykje mindre oppteken av å sjå på kva som skjedde for to, fem, ti eller femten år sidan.

Det blir litt som i bomgøymsel, som vi leikte då eg var liten: «Den som ikkje har gøymt seg no, den må stå!», sa vi, og alle visste at det ville vere lurt å gøyme seg litt, heller enn å stå i stormen. For den som veit å gøyme seg, berre litt, når det stormar som verst, den kan kome ut som vinnar til slutt. I bomgøymsel handlar det om å gøyme seg lenge nok, for så å sjå an situasjonen, og storme fram til det avtalte staden når tida er inne for å vinne spelet. Sånn trur eg det er i livet og i arbeidslivet med: Det gjeld å vite når du skal gøyme deg, og når du skal gje alt du har og storme på.

Så kanskje er ikkje spørsmålet kven som gå, men kven som får gå. Kven får sleppe det evinnelege mediemaset? Kven får ta ein godt betalt jobb i det private næringsliv, til stormen er over og dei kan flakse attende i politikkens kjerne? Den som lever får sjå.

Les kommentaren i Magasinett!