Vil få opp skapargleda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er kulturskulen saman med skulen, biblioteket og Nynorsksenteret som har ansvaret for prosjektet, og til dette har dei no fått 180 000 kroner av Utdanningsdirektoratet. Kulturskulerektor Anja Gulbrandsen er glad for pengane, men ser at dei kjem til å gå med.

– Vi har gapt høgare enn som så, så vi må nok ut og leite etter meir pengar til dei einskilde tiltaka, seier ho til LNK.no.

Alle tiltaka i prosjektet er heller ikkje spikra enno, men det er i alle fall klart at alle elevar frå første til tiande klasse skal få vere med. Prosjektet har si forankring i kulturskulen, men også skulefritidsordninga (SFO) skal med. Arbeidsgruppa til prosjektet har nett hatt eit møte og har no blokka full av idear som femnar om ulike uttrykk som song, bildekunst og tekst.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje

Gjenreise stoltheita
Utgangspunktet for Nynorsk skaparkraft er mellom anna tilknytinga til Jølster-kunstnarane Nikolai Astrup og Ludvig Eikaas. Både Astruptunet og Eikaasgalleriet har opplevd sviktande besøkstal og det har til tider vore reist kritikk kring korleis desse institusjonane blir ivaretekne. Det har sett sår i sjelene til jølstringane, seier kulturskulerektoren, som no håpar elevprosjektet kan vere med og gjenreise bevisstheita og stoltheita over kunstnarane samstundes som ein lokkar fram kommunen si kulturelle identitet. Her kjem også språket inn, og Gulbrandsen peiker på at det å skape leselyst vil vere ein viktig brikke i dette spelet.

– Dessverre er det ei generell oppfatning der ute at det blir utgitt så lite nynorsk litteratur, og derfor må ungane berre lese bokmål.

No ønskjer dei involverte å vise foreldra at dette ikkje stemmer og løfte den nynorske litteraturen opp og fram.

LES OGSÅ: Dansar for framtida

Jubileum 2013
Nynorsk skaparkraft skal vare heile dette skuleåret, og Gulbrandsen reknar med at ein del av det som kjem ut av prosjektet blir å sjå att når Sogn og Fjordane fylkeskommune feirar 250-årsjubileum i 2013.

– Jølster kommune er blitt bedne om å bidra til markeringa, og då synest vi det er naturleg at vi deltek med noko som barna har vore med og arbeidd fram, seier kulturskulerektoren.

Les saka på LNK.no!