– Det er ikkje nok å ha nynorsk på skulen for at ungdom skal halda på nynorsken, meiner prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus.

NPK
NPK

Ho er leiar for prosjektet Målstreken og har undersøkt kor mange nynorskbrukande elevar i Valdres som går over til bokmål, og kvifor dei gjer det.

I eitt av dei gamle kjerneområda til nynorsken byter i dag 75 prosent av nynorskelevane til bokmål før dei er ferdige med vidaregåande skule, kjem det fram i rapporten.

Når elevane blir spurde om kvifor dei går over til bokmål, er det viktigaste argumentet at det er lettare. Andre meiner dei får bruk for bokmål i arbeidslivet.

– I tillegg spelar det inn at bokmål er det dominerande språket og at dei meiner dei får betre karakter i hovudmål om dei byter til bokmål. Negative haldningar er også tydelege i materialet, heiter det i pressemeldinga om den ferske rapporten.

LES OGSÅ: – Litt kjekt, og litt skummelt

– Sårbare for press
Kvåle Garthus meiner dette viser kor sårbare elevar med nynorsk som hovudmål er for press og påverknad frå storsamfunnet. Ein av konklusjonane hennar er at det ikkje er opp til skulen åleine å halda liv i nynorsken.

– Den vitale nynorske skriftkulturen lever i lærebøkene, men er nærmast usynleg på alle andre arenaer der 13–19-åringar møter språket, heiter det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Vil ha ekstrapoeng for nynorsk

– Treng språkleg likestilling
Prosjektleiaren peikar på at eitt av hovudmåla i norsk språkpolitikk er å skapa meir reell likestilling mellom bokmål og nynorsk. Ho viser òg til at innleiinga til læreplanen i norsk legg vekt på at skulen skal arbeida for å gje elevane «språkleg sjølvtillit».

Men det er langt mellom liv og lære, meiner Kvale Garthus.

– Granskinga i Valdres viser at vilkåra for ein slik sjølvtillit er svært dårleg når bokmålet dominerer på dei fleste samfunnsområde, slår ho fast.

LES OGSÅ: Nynorskelevane slår bokmålselevane

Etterlyser tiltak
Garthus meiner difor styresmaktene må sjå på både kva samfunnsstrukturar som må endrast,og kva skulen kan gjera for å at det skal bli enklare for elevane å halda på nynorsk som hovudmål.

Prosjektet peikar på fleire tiltak. Betre nynorsk undervisning og større vekt på å gje elevane språkleg sjølvtillit er to av tiltaka.

Prosjektet meiner også at nynorskelevar i større grad må få undervisning i nynorskklassar, slik at elevane opplever eit meir stabilt språkleg miljø.

Skulen må også motarbeida at elevane skiftar frå nynorsk til bokmål av taktiske grunnar, meiner prosjektet. I tillegg må nynorsk bli meir synleg i samfunnet, til dømes i riksdekkjande aviser, heiter det. (©NPK)

Kva meiner du skal til for at fleire skal halda på målforma si?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE