Det er det same om katten er svart eller kvit – berre han fangar mus

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev intercity- triangel no

Debatten om intercity-triangelen har vore ein heit potet heile sommaren. For å få dette på plass lyt det bevilgast meir pengar – og dei bør brukast på ein annan måte. Diverre er dei sosialistiske partia fanatisk imot løysingar som kan koma til å vera private – snarare enn å vera pragmatiske og sjå etter dei beste løysingane.

Vårens klimaforlik legg klare retningsliner for utbygging av eit moderne jernbanenett på austlandet. Likevel var Senterpartiet, ved partileiar Liv Signe Navarsete, med å skapte usikkerheit rundt vilja til å satse på intercity, og sa at veg på vestlandet var vel så viktig.  Eg er delvis samd med Navarsete i dette. Eg er oppvaksen i ei kommune kor jernbane ikkje eksisterar og kollektivtilbodet elles er særs dårleg. Difor ser eg at også veg lyt prioriterast i by og på land. Men ein lyt kunne krevja at ein som er statsråd og leiar for eit regjeringsparti har eit meir heilskapleg bilete på samferdsle enn dette. Noreg er i ei samferdelspolitisk bakevje samanlikna med dei fleste andre vestlege land, og vi lyt prioriere både veg og jernbane.

Eg er enno ung, og har ikkje opplevd Senterpartiet i meir enn eit par ti år. Likevel kjennar eg historia godt nok til at eg ser eit parti som har endra seg voldsomt dei siste åra. Frå å vera eit verdikonservativt parti med ein tydeleg ideologisk plattform og eit breidt nedslagsfelt, har SP vorte ein interesseorganisasjon for enkeltområder innan samferdsle og landbruk.

Høgre har teke til orde for å nytte løysinga Offentleg-Privat samarbeid (OPS) i utbyggjinga av jernbanenett i Noreg. Då gjev ein private aktørar ansvaret for utbygging og plettfritt vedlikehald i 20-25 år. Dette vil gjeva oss meir jernbane raskare, og til ein billigare penge. Eg meiner at delar av intercity-utbygginga bør løysast ved OPS – kanskje også heile. Erfaringar med OPS på veg har synt oss at utbygginga da går fortare – og intercity hastar. Diverre har SV og AP ein ideologisk tankegang som ikkje tillet å sleppe til private – og i Senterpartiet lyt pragmatismen vike for maktsjuke.

Eg meiner også ein lyt sjå på moglegheitane for å konkurranseutsetja ein del jernstrekningar i Noreg. Dette gjorde Bondevik II-regjeringa i 2004 med Gjøvikbana – og Transportøkonomisk institutt (TØI) var krystallklare: Prisane gjekk ned, kvaliteten på tenesta gjekk opp og dermed vart det fleire passasjerar som nytta tilbodet.  Med dette som bakteppe, tykkjer eg det er naturleg å prøve dette også på andre jernbanestrekningar i Noreg. Gjennom konkurranseutsettinga av Gjøvikbana synte også NSB at dei var konkurransedyktige, da det var dei som fekk anbudet – og betra kvaliteten på tilbodet.

Eg trur vi med tida kjem til å få eit langt betre jernbanenett i Noreg. Noko OPS-prosjekt vert det nok ikkje – og så lenge dei raud-grøne sit ved spakane trur eg utbygginga vil gå i krabbetempo – og fortset det i same tempo, vil kanskje også intercity-triangelen vera utdatert innan det er ferdig. Dei sosialistiske partia har gjeve uttrykk for at konkurranseutsetting av stekningar er uaktuelt. Eg er glad for at eg sjølv er medlem av eit parti som har ei meir pragmatisk nærming til både drift og utbygging av jernbane. Eg vil avslutte med å gjera Deng Xiaoping sine ord til mine: Det er det same om katten er svart eller kvit – berre han fangar mus.