Massiv kritikk av styresmaktene

Ein raskare politiaksjon på Utøya var mogleg, og gjerningsmannen kunne ha vore stoppa før. Og ein kunne ha avverja åtaket på regjeringskvartalet, meiner 22. juli-kommisjonen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommisjonen har samla seg om seks hovudpunkt i rapporten som måndag blei lagt fram. I eitt av punkta kjem kommisjonen med svært skarp kritikk av politiaksjonen på Utøya.

– Evnene styresmaktene hadde til å verne menneska på Utøya svikta, slår rapporten fast.

– Lærer ikkje
Blant dei fem grunnleggjande føresetnadene som 22. juli-kommisjonen har lista opp som avgjerande for innsatsen frå etatane 22. juli, nemner dei blant anna at «evna til å gjennomføre det ein har bestemt seg for, og til å bruke planane ein har utvikla, har vore svak.»

Dei skriv og at evna til å erkjenne risiko og ta lærdom av øvingar har vore for liten, og på same tid har evna til å koordinere og samhandle vore for låg.

LES OGSÅ: Kva skal ein seia om rettssaka?

Haldningar
På same tid meiner kommisjonen at helse- og redningsarbeidet tok vare på dei skadde og pårørande på ein god måte i akuttfasen, både ved Utøya og i regjeringskvartalet.

– Det som grunnleggjande skil det som gjekk godt frå det som gjekk dårleg 22. juli, er i hovudsak knytt til haldningar, kultur og leiarskap – og korleis menneske og organisasjonar utøver den makta dei har fått, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Køyrde inn i stortingsgarasjen med våpen

– Breivik har skulda
Kommisjonsleiar Alexandra Bech Gjørv minte i presentasjonen sin om at det er gjerningsmannen som «har skuld i tap av umistelege liv» 22. juli.

Ho fann høve til å minne om dette før ho gjorde greie for kva kommisjonen skulle finne svar på: kva som eigentleg skjedde 22. juli, kvifor det blei slik, «korleis vi som samfunn kunne la det skje» og kva som må bli endra for at vi skal stå betre rusta i framtida.

– Eg meiner vi har etablert eit tydeleg faktum, som gjer at vi kan samle oss om 31 einstemmige og konkrete tilrådingar, sa Bech Gjørv. (©NPK)

Les fleire saker om 22/7 her!

FOTO: Henrik Lied, Nrkbeta/Flickr/CC-lisens