Provosert og skuffa: Dei raudgrøne ungdomspartia er skarp i kritikken av regjeringa.

I går skreiv Framtida.no om 11 månaders studiestøtte, som enno ikkje er på plass trass i at alle tre regjeringspartia har vedteke på landsmøta sine å arbeide for dette i perioden 2009-2013.

Dette tykkjer dei raudgrøne ungdomspartia er både skuffande og provoserande.

Provosert og skuffa
Sandra Borch er leiar i Senterungdomen. Ho er klar i tala til regjeringa:

Vi meiner regjeringa burde halde fast på løftet sitt om 11 månader studiestøtte, seier Borch. 

LES OGSÅ: Studentane fattigare enn på 37 år

Ho får støtte frå dei to andre ungdomspartia SU og AUF.

– AUF er for 11 månedar studiestøtte, og er naturlegvis skuffa over både at dette ikkje blei gjennomført i første regjeringsperiode og at det ikkje blei teke inn i Soria Moria II, seier  Eskil Pedersen, leiar i AUF.

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Halse, går hakket lengre enn Borch og Pedersen.

– Vi meiner at det er provoserande at løftet ikkje er innfridd, seier han.

Meir støtte – mindre arbeid
For alle tre er det viktig å understreke at dei ønskjer ei auke i studiestøtta, ikkje berre ei omfordeling.

– Det er ein sjølvsagt føresetnad at den ellevte månaden med studiestøtte skal innebære ei auke i studiestøtta, ikkje bare ei breiare fordeling av ei allereie eksisterande studiestøtte, seier Pedersen.

Dette er Borch samd i. Ho meiner studiestøtta er viktig for i sikre heilttidsstudenten.  

– Vi legg opp til at fleire skal studere til høgare utdanning, men økonomisk heng regjeringa etter. Norske studentar idag klarer ikkje leve av stipendet sitt, og må jobbe utanom. Dette kan føre til at færre klarer å konsenterer seg 100 prosent om studia sine.

Borch er samd med Pedersen om at stipendet bør aukast.

– Stipendsatsene i Norge følgjer ikkje resten av den økonomiske utviklinga i dette landet, og bør dermed bli skrudd opp, i tillegg til å gjelde for 11 månader, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Sextrakkasert på bustadjakt

Skapar politikarforakt
For Andres Hasle, leiar i Sosialistisk Ungdom, er eit av problema med studiestøtta i dag at ho aukar klasseskilja. Han er samd med Borch i at det er eit problem at studentar må arbeide, men peiker på at dette problemet er eit klasseproblem.

– Den noverande ordninga skaper store forskjellar mellom dei studentane som får pengar heimefrå og dei som må jobbe ekstra mykje i eksamenstida for å få det til å gå rundt, seier han.

Dessutan har saka konsekvensar for fleire enn studentane: Halse meiner det er tilliten til det politiske systemet som står på spel.

– Ved å ikkje innfri dette løftet bidrar regjeringa sjølv til å skape politikerforakt hos mange. Når alle partia er samde om ei sak dei vel å ikkje gjennomføre, korleis skal ein då få gjennomslag for politikk?

LES OGSÅ: – Massiv overføring frå fattige til rike

Store klasseskille mellom studentar
Ester Robstad er student og leiar i Blindern SV. Ho er samd i at den låge studiestøtta bidreg til å auke klasseskilja.

– Med den høge husleiga vi har i Oslo, vil studentar som får økonomisk hjelp heimefrå vere sikra betre tid til å studere, fordi andre må nytta tida til arbeid, seier ho.

Ho peiker samstundes på at arbeidet som ofte er tilgjengeleg for studentar gjere er korkje studierelevant eller gode for studievanane.

– Mange får seg kveldsjobb på utestadar eller nattevakt på sjukehus fordi desse har arbeidstider utanom førelesingstidene, noko som går ut over konsentrasjonen dagen etter.

LES OGSÅ: Har fått nok av toppkarakterar

Stipendlaus juni eit stort problem
At det ikkje kjem studiestøtte i juni ser ho på som eit av hovudproblema for studentane.

– Den høge husleiga vi har no gjer det vanskeleg å spare opp pengar til den stipendlause junimånaden. Dei fleste eksamenar er i juni, og dei som slepp å arbeid ved sidan av har dermed mykje betre moglegheit til å få dei beste karakterane.

Dette får sjølvsagt konsekvensar for kven som får dei beste jobbane seinare, meiner Sv-aren.

– Mange studentar løyser dette ved å studere på deltid, men samstundes ser vi at mange arbeidsgjevarar set pris på at søkarar har fullført studia på normert tid. Dermed stiller dei ubemidla dårlegare i kampen om dei gode jobbane.

Dette er ein situasjon ho sjølv har følt på kroppen:

– Eg er sjølv deltidsstudent og har jobba opp mot 50 prosent ved sida av studiane, noko som har ført til at eg har nytta dobbelt så lang tid på bachelorgraden i fysikk. Det er litt frustrerande i etterkant, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Far bestemmer sjansen for å lukkast

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE