Sextrakassert på bustadjakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire kvinner har ringt oss og gråte på telefonen. Jenter får ofte seksuelle førespurnader, melder Stig Høisæther, leiar i Leieboerforeningen Bergen til Byavisen i Bergen.  

Dei har sendt fleire jenter til politiet for å melde desse sakene, og åtvarar no mot å leggje ved bilete i leigeannonsar.

I jakta på bustad har det blitt vanlegare og vanlegare å lyse ut seg sjølv som leigebuar. Dette meiner Høisæther forsåvidt er greit. Problematisk blir det først når folk legg ut bilete, meiner han.

Høisæther oppmodar studentar til å leita etter bustad på ordinær måte.

– Ved å leggje ut foto av seg sjølv blir resultatet eit sorteringssystem. Det er ikkje meininga at dei som er penast skal ha førsterett på utleigebustader. Denne utviklinga kan òg føre til at huseigarar for eksempel vel vekk dei med ei anna hudfarge, seier leiaren.

LES OGSÅ: Når gode råd blir billege

Ekstra vanskeleg for utvekslingsstudentar
At det er særskilt vanskeleg for leigarar med utanlandsk bakgrunn vert bekrefta av utvekslingsstudenten Laure. Ho har i lengre tid freista å finne bustad, og etter alle dei seksuelle førespurnadane ho har fått i bustadjakta vil ho helst ikkje stå fram med fullt namn.

Ho fortel at ho i to veker freista å få tak i bustad gjennom ei lysing etter husver med informasjon om henne og eit bilete.

–  Men folk prøvde berre å forføre meg, seier ho til Framtida.no.

Vidare forel ho at desse mennene ikkje gong lata som om dei ville leige ut bustad:

– Dei spurde ikkje ein gong om eg ville kome på vising! I staden inviterete dei meg med ut på middag i ein restaurant eller kaffi ein annan plass.

LES ÒG: Vanskeleg for studentar

Nyttelaust å få napp
Ho forel vidare at ho til no har fått invitasjonar frå fem forskjellege menn.

– Det er nyttelaust, seier ho, alle nettstadane er fulle av menn av same type.

Ho trur ikkje det er noko spesielt med nett hennar bilete som gjer at ho får denne merksemda.

LES OGSÅ: Her er hybelfellene

– Nei, det er berre eit vanlig bilete der eg har på raud skjorte. Eg smilte ikkje ein gong!

Ho seier ho vart overraska av responsen, ettersom ho ikkje hadde hatt liknande problem då ho søkte etter arbeid:

– Det er tydeleg at det er ein del menn som utnyttar situasjonen for å få kontakt med desperate jenter, avsluttar ho.  

LES ÒG: Tøff hybelmarknad